¿ Religionskritikk, snikislamisering og brunbeising
Religionskritikk er sjølve hjarteblodet i den moderne vestlege sivilisasjonen. Utan religionskritikk er det umogleg å sjå føre seg Vesten slik me kjenner det i dag.
Lytt til artikkelen:
Den største religionskritikaren gjennom tidene, vil eg hevda, var Martin Luther. Gjennom oppgjeret med pavekyrkja slo han fast at ingen kan gjera krav på å vera ufeilbarleg når dei uttalar seg om Gud, verda og dei evige spørsmåla. Ved å ta oppgjeret med pavekyrkja, som hadde eit klart ynske om å brenna Luther på bålet, endra han historia. Luther la – meir enn nokon annan i vår kulturkrins – grunnlaget for at dei nordvesteuropeiske landa gjekk frå å vera kollektivistiske, som dei hadde vore i mellomalderen, til å bli individuelt baserte.
Resten – utviklinga av demokratiet, menneskerettstenkinga og dei moderne velferdsstatane – er historie, som det heiter. Utan Luthers ramsalte kritikk og nedrakking av pavekyrkja på 1500-talet hadde samfunna våre sett heilt annleis ut i dag. Demokratiet og likskapstanken har i hovudsak (ikkje berre, men altså i hovudsak) utvikla seg der protestantismen slo gjennom. Om paven hadde lukkast med å brenna Luther og alle dei andre reformatorane på bålet, ville samfunna våre likna meir på mellomalderen, mindre på det moderne.
Redd for kristendomen?
Vesten er altså tufta på religionskritikk. Då må det vera lov å stilla spørsmålet: Korleis står det til med religionskritikken i vår tid? Ein har sjølvsagt til gode å finna nokon som er redde for å kritisera kristendomen og kyrkja. Kristendomen, fyrst den katolske og sidan også den protestantiske, har vore kritisert og karikert i 500 år no, og det vil heilt sikkert halda fram. Når det gjeld den andre store verdsreligionen, islam, er stoda ei anna: Kritikk av islam blir både på venstresida og blant mange liberale sett på som lite stovereint. Dei som kjem med slik kritikk, blir fort skulda for å ha vikarierande motiv: Dei er ikkje ute etter religionen islam i og for seg, men dei er ute etter muslimar flest. Når ein er det, er ein ute på ein farleg veg mot noko som heiter rasisme. I den båsen er det ingen som vil bli sett.
Paradoksalt nok har to motsette fenomen gjeve bidrag til at det har vorte slik: Kvar gong det har skjedd ei muslimsk terrorhandling i Europa dei siste åra, har det politiske etablissementet vore raskt ute og sagt at dette har ingenting med islam å gjera. Den som hevdar at det faktisk finst ein samanheng mellom delar av tekstane i Koranen og den politiske valden til moderne jihadistgrupper, blir då lett skulda for å gjera livet til uskuldige muslimar i Vesten vanskelegare. Så når terroristar med opphav i den europeiske middelklassa går laus på muslimar, blir det spesielt av venstresida sett på som ei stadfesting av den rasismen som gjennomsyrer samfunna våre. Ingen ynskjer å bli slegne i hartkorn med desse valdsmennene. Dimed er det endå ein god grunn til å seia minst mogleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.