Songen som stilna
17. mai står framfor oss, men for andre året på rad vert det ikkje tog, is og barnesong i skulegarden. Og om forskarane får rett, er det ikkje mange åra til berre toget og isen er att: Songen er pressa ut av skulen, og det utan at nokon har spurt borna.
«Det er mye som tyder på at sangen i barnehage og skule er truet», seier professor Anne Haugland Balsnes, ein av prosjektleiarane for forskingsprosjektet SangBarSk.
Sidan 2019 har eit stort nasjonalt forskingsprosjekt kartlagt songen i skular og barnehagar. Prosjektet skal dokumentere songens posisjon og funksjon i norske barnehagar og skular. Dette prosjektet vil stå for den største innsamlinga av songrepertoaret sidan 1970-talet.
Sterk tradisjon
I dei nordiske landa har songen alltid stått sterkt, og vi skal ikkje gå mange åra tilbake i tid før songen var ein naturleg del av skulekvardagen i Noreg. Men i dei siste læreplanane er songen knapt nemnd. Bokstavane og tala har pressa ut tonane, i ei gradvis annektering.
Det vart oppstand då utkastet til ny læreplan i norsk kom i 2018 og regjeringa foreslo å fjerne songen frå norskfaget. Musikknestor Jan-Roar Bjørkvoll åtvara mot ein kald skule som ikkje tek omsyn til at borna lærer gjennom songen.
I læreplanen for norskfaget, som gjeld frå 1. august 2020, er songen nemnd berre to gongar: I kompetansemåla etter 2. trinn står det at eleven skal «uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter». I kompetansemåla etter 4. trinn står det at eleven «skal lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk…» I det siste målet er ikkje synginga nemnd i det heile, og i det første målet er songen redusert til ei tekstoppleving, på lik line med teikning, skriving og andre aktivitetar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.