🎧 Trykkenekt av omsyn til kvalitet eller politikk?
Bokmeldinga vart først akseptert. Grunngivinga for å stanse henne endra seg frå «alarmistisk» til «kvalitet».
Hege Ulstein, som sit i redaksjonsrådet til Prosa, meiner det er feil å oppfatte redaktørens refusjon som politisk motivert.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Hege Ulstein, som sit i redaksjonsrådet til Prosa, meiner det er feil å oppfatte redaktørens refusjon som politisk motivert.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
janh@landro.bergen.no
To av medlemene i redaksjonsrådet for tidsskriftet Prosa avviser at refusjonen av Per Hems melding av den kontroversielle boka til Halvor Fosli har noko med ytringsfridom å gjere. Hege Ulstein, til dagleg kommentator i Dagsavisen, og Håvard Friis Nilsen, professor i samfunnsfag ved Høgskolen i Østfold, gjer det klart at deira vurdering gjaldt utelukkande kvalitet. Sakprosaprofessor Johan L. Tønnesson kallar handteringa «klønete».
– Redaktør Merete Røsvik var usikker på om meldinga var god nok, derfor bad ho oss i redaksjonsrådet om å vurdere teksten. Kvar for oss konkluderte vi med at han ikkje heldt mål, men det var sjølvsagt opp til redaktøren om ho ville trykke meldinga eller ikkje, forklarar dei to rådsmedlemene.
Dei stadfestar at ingen av dei hadde lese Foslis bok, Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid, og at tilrådinga deira derfor berre var knytt til teksten dei fekk til vurdering. Håvard Friis Nilsen presiserer at ingen i redaksjonsrådet har teke stilling til boka på politisk grunnlag.
«Skuffande tekst»
– Vi oppfatta meldinga som ein skuffande tekst om eit så komplisert tema, ein tekst redaktøren var i sin fulle rett til å refusere, forklarar Nilsen. Han legg til at all den tid redaktøren hadde bede om å få ei melding av Foslis bok, er det merkeleg å hevde at ho ville usynleggjere boka.
Hege Ulstein meiner det er feil å oppfatte redaktørens refusjon som politisk motivert. Det er heller tale om at ei melding av ei så kontroversiell bok krev eit nivå med omsyn til analyse, sikker språkføring, politisk innsikt og kritisk tilnærming som dei ikkje fann i Hems tekst. Elles meiner ho at alle redaktørar har ein sjølvsagd rett til å vere normativ i arbeidet sitt og suverent skal kunne bestemme kva dei ønskjer å gi ei røyst, og kva dei synest er eit relevant og viktig bidrag i samfunnsdebatten.
UiO-professor Tønnesson ser to ulike motiv bak redaktørens refusjon, slik det går fram av hennar eigne utsegner. Det eine er å unngå å gi innvandringskritikk og -motstand «av Foslis alarmistiske merke» legitimitet, og dermed legitimere document.no og forlaget. Det andre er å stille høge krav til kvalitet i bokmeldingar.
– Det siste er eit høgst aktverdig motiv, men den konkrete refusjonen meiner eg er gjord på svært klønete vis. Å vilje unngå å gi legitimitet til «alarmistisk» innvandringskritikk har eg ein viss sympati for. Det finst døme på at document.no bevegar seg utanfor ei akseptabel sone. I si tid var nettstaden også knytt til Anders Behring Breiviks namn.
– Men når det i samband med nettstaden er oppretta eit forlag som gir ut faglitteratur, i dette tilfellet med støtte frå Det faglitterære fond, er det ingen grunn til automatisk å vilje stengje ute dette forlagets utgivingar frå offentleg kritikk og omtale. Det ligg ei fagleg kvalitetsvurdering bak støtta både frå Fritt Ord og frå NFFO, slik at prosjekta dei tildeler støtte, dermed får ein viss fagleg legitimitet, seier Tønnesson.
Rådets mandat
Om redaksjonsrådets mandat fortel Ulstein at dei dels gir råd når dei blir bedne om det, som i denne saka, dels er med på planlegging på eit meir overordna nivå.
– Meiner du at den typen bøker som det her er tale om, skal haldast utanfor Prosas spalter?
– Det ligg ikkje i mi rolle å ta stilling til det, men ut frå det eg veit om boka og korleis Fosli har valt å profilere seg i den offentlege debatten, opplever ikkje eg han som ein så interessant samfunnsdebattant at det er viktig å gi han meir merksemd. Men eg har altså ikkje lese den nye boka.
Sjølv om Hege Ulstein ser at mykje av det Fosli skriv, ikkje er så fjernt frå det fleire Frp-arar jamleg ytrar i offentlege debattar og på sosiale medium, vil ikkje det seie at ho meiner fleire skal opne spaltene sine for dette. Ho syner til det siste Facebook-innlegget til Per-Willy Amundsen, om familien Bulhan på Elverum som blir utsett for vald og rasisme, og kjenner ingen trong til å lyfte slikt fram, spreie det og gi det anerkjenning.
– Ved politisk usemje, anten det gjeld klima, likestilling eller innvandring, trur eg det er viktig å imøtegå det og stå for det ein sjølv meiner. Men det kan bli for mykje òg. Den engelske avisa The Guardian trykker ikkje lenger innlegg frå klimafornektarar. Somme vil sikkert hevde at det er ei knebling av ytringsfridommen, men det meiner ikkje eg.
Tønnesson seier at ein må sjå kritikk av og motstand mot visse typar innvandring som eit legitimt politisk standpunkt som ikkje bør utsetjast for såkalla scenenekt. Han syner til at Frp, som inntil nyleg sat i regjering, hevdar legitime standpunkt som ikkje skil seg mykje frå dei Fosli står for.
Kvar går grensa?
– Meiningsmålingar viser relativt omfattande støtte til innvandringskritikk og -motstand. Å prøve å ekskludere dette frå det offentlege ordskiftet synest eg ikkje er ei akseptabel linje. Det farlege ved vedvarande propaganda av denne typen er at det kan skjerpe motsetningar i folket og gjere integrering vanskelegare. Men det er også farleg å kneble debatt.
Hege Ulstein har eit litt anna syn.
– Aksepten av innvandring har gått opp dei siste åra. Så det kan vere god grunn til å hevde at dette handlar om marginale miljø, som rett nok er svært høgrøysta og flinke til å profilere seg i sosiale medium. Eg har inga tru på at det er nokon vits i å gi slike haldningar meir merksemd.
– Kvar går grensa for kva Prosa kan setje på trykk når det også er eit medlemsblad for fleire tusen norske sakprosaforfattarar som representerer eit vidt spekter av haldningar og meiningar?
– Det må du spørje redaktøren om. Men eg veit at ho er svært oppteken av å spegle heile medlemsbreidda og få med seg alle dei ulike miljøa. Og det synest eg ho har vore svært flink til.
Tønnesson rosar redaktør Røsvik for at ho er så open om at ho har endra syn på kva ytringsfridom skal vere, og at det har fått ho til å vurdere den omstridde bokmeldinga annleis. Det synest han vitnar om ytringsmot. Grensene for kva Prosa skal kunne trykke, meiner han bør gå om lag der ei sams politisk offentlegheit til kvar tid set dei, i kombinasjon med at ein skal ha blikk for at boka er eit særskilt medium.
– Til boka skal ein stille høge kvalitetskrav, men òg ha vid toleranse for meiningar.
– Etter det redaktøren sjølv seier, kan ein få inntrykk av at ho også refuserte meldinga fordi meldinga ikkje meinte det redaktøren ønskte at ho skulle meine?
– Det er ikkje bra. Men alle med bokmeldaransvar vel jo meldarane sine ut frå kva dei ventar å få. Då kan det vere greitt å halde seg unna både medlemer av fanklubben og openberre antagonistar, men heller satse på meldarar som kan gi kvalifisert motstand.
Debattklima
– Merete Røsviks første nummer av Prosa hadde debattklima som tema. Kva fortel denne saka om debattklimaet i tidsskriftet ho er redaktør for?
– At Prosa ønskjer eit debattklima som ikkje er altfor sterkt polarisert. I seg sjølv kan det vere aktverdig, men frå å ville unngå sterk polarisering til å drive scenenekt, det er eit altfor langt steg å gå, etter mi meining.
Per Hem reagerer på det han meiner er ein freistnad på å vende saka mot han:
– Eg lyt presisere det eg har sagt før: Dette er eigentleg ikkje ei refusjonssak som har med kvaliteten på teksten min å gjere. Det er noko redaktøren og redaksjonsrådet ønskjer å gjere saka til meir enn to månader etter at redaktøren 8. april i rosande ordelag aksepterte meldinga. Dette skjer først etter at eg klagar på avgjerda og til og med er så freidig å be om kompensasjon.
– Dersom meldinga ikkje held mål, held vel ikkje Prosa-redaktøren mål, eller kva? Kvifor var ikkje kvaliteten på teksten tema i redaktørens grunngjeving for ikkje å trykke han 7. mai? Då handla det utelukkande om at boka var for alarmistisk, at Document Forlag stod for politiske haldningar ho meinte ikkje burde få etablere seg som «innanfor». Hennar lesing av Bjørn Stærks bok, Ytringsfrihet annotert, skal ha vore det som utløyste denne snunaden, seier Hem.
– Når medlemer av eit redaksjonsråd blir intervjua, vil dei sjølvsagt stille seg bak redaktøren. Det er rolla deira. Men dei vil openbert ikkje forsvare den eigentlege og håplause grunngjevinga hennar for å ikkje publisere. Derfor må dei ta meldaren i staden. Eg har vore fast sakprosakritikar i Morgenbladet sidan 2013. Der blir det stilt svært høge krav, og der held bokredaktøren eit heilt anna fagleg nivå enn tilfellet er i Prosa. Dei utsegnene som kjem frå Ulstein og Nilsen tek eg derfor med ei stor klype salt.
– La meg leggje til at tidsskriftet Samtiden har vist interesse for meldinga mi og vurderer å trykke ho i neste dobbeltnummer, som blant anna skal handle om polarisering. Så heilt elendig kan vel ikkje meldinga ha vore.
– Kvifor var ikkje kvaliteten på teksten tema i redaktørens grunngjeving for ikkje å trykke han 7. mai?
Per Hem, bokmeldar
Bakgrunn
I 2019 kom boka Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinvandringens tid av Halvor Fosli (Document Forlag).
Tidsskriftet Prosa trekte ei planlagd melding av boka.