Litteratur
Å hoppe etter seg sjølv
«Maria Parr er norsk barnelitteraturs superstjerne», skryter Samlaget både her og der. Då bør det vere sant.
Maria Parr er aktuell med ein ny roman for barn.
Foto: Julia Marie Nagelstad
Det begynte med Vaffelhjarte (2005). Historia om Lena Lid og vennen Trille i den vesle bygda Knert-Mathilde blei òg ein populær TV-serie med Odd Nordstogas «Bestevenn» som tittelspor.
Så kom Tonje Glimmerdal (2009), som har gitt Parr endå fleire lesarar og ei lang rekke prisar, og som blei dramatisert av Det Norske Teatret, med stor suksess, og Den Nationale Scene, pluss at Sveriges Radio laga julekalenderserie av boka.
Deretter kom Keeperen og havet (2017), ein frittståande oppfølgar til Vaffelhjarte. Og ja, som meldaren i Aftenposten skreiv: «Klokt, vakkert og gripende: (…) Parr er tilbake og overgår seg selv.»
Alle dei tre bøkene er utgitte i USA og Storbritannia, noko som er svært sjeldan for norske barnebøker. Parr er elles omsett til over 30 språk, og ho har, slik A.A. Milne, Gunilla Bergström og Astrid Lindgren gjorde det, gitt oss replikkar som sit: «Å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst», «Heldigvis har alle menneske bursdag», «Av og til er det eit herk å vere barn», «Vaksne folk skulle ikkje vore oppfunne», «Tenk alt vaksne kan ordne når dei berre vil».
Kvardagen
Parr får ros for replikkunsten, for språket og for humoren, og meldarane framhevar relasjonane ho skildrar. Det mellom- og medmenneskelege. Som Kirkus skriv om Adventures with Waffles, som Vaffelhjarte heiter i USA: «Filled with both rollicking escapades and poignant moments, Parr’s notable tale portrays a young boy’s heartfelt appreciation of family and friends.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.