Musikk

Alltid open og skapande

Ikue Mori er ein moderne innovatør i elektronisk improvisasjonskunst.

Den japanske musikaren Ikue Mori erstatta trommesettet med tromme- og datamaskinar.
Den japanske musikaren Ikue Mori erstatta trommesettet med tromme- og datamaskinar.
Publisert

Japanske Ikue Mori, som er busett i New York, vitja nyleg Bergen i regi av nyMusikk for å spele på opninga av den nystarta konsertserien VRENG i samarbeid med kunst- og konserthuset USF Verftet. Konsertserien, som har fokus på tradisjonsmusikk i møte med eksperimentell musikk, presenterte eit eineståande møte med hardingfelemeister Knut Hamre, som delte scena med improvisasjonskunstnaren Ikue Mori denne torsdagskvelden i oktober.

Mori brukar i desse dagar stort sett berbar datamaskin som instrument i konsertsamanheng. Med nye og eigenarta komposisjons- og improvisasjonsteknikkar skapte ho store kontrastar til Knut Hamres musikk. Hamre spelte slåttemateriale frå Hardanger, og båe musikarar sette – truleg både for kvarandre og oss tilhøyrarar – dei musikalske uttrykka sine i eit nytt ljos.

Trommemaskiner

Ikue Mori (fødd i 1953) kom frå Tokyo til New York i slutten av tenåra som kunststudent utan nokon bakgrunn frå musikkverda, men ho vart etter kvart ein del av det avantgardistiske musikkmiljøet i metropolen, gjennom trommespelet i punk-/no wave-gruppa DNA. Etter kvart forkasta ho det tradisjonelle trommesettet og gjekk over til å bruka trommemaskiner og samplarar som lydkjelder på heilt nye måtar. Trommemaskinane vart brukte på ein ny og forvitneleg måte, med andre rytmiske samansetningar enn vanleg og ei friare tilnærming enn det dei opphavleg vart laga for.

Frå 1980-talet har ho arbeidd mykje med tidlegare ektemann og nestor i det eksperimentelle musikkmiljøet i New York, saksofonist og komponist John Zorn og prosjekta hans, mellom anna i gruppa Masada. Ho har òg mellom anna spelt i ensemble med dei nyskapande gitaristane Fred Frith og Marc Ribot (kjende frå mellom anna samarbeid med Tom Waits), harpisten Zeena Parkins (kjend frå bandet til Björk) og fleire av medlemmene i postrockbandet Sonic Youth. Sidan byrjinga til avantgardeselskapet Tzadik i midten av 1990-åra har ho gjeve ut om lag ti soloalbum, forutan ei mengd ulike samarbeidsprosjekt med ny musikk som ikkje liknar noko anna.

Grenselaust open

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement