Anoreksien som sidepassasjer

Då Margreth Olin søkte om midlar til å skape dokumentaren Selvportrett, skreiv ho i alle søknadar at dei skulle følge Lene Marie Fossen på vegen ut av anoreksien. Slik gjekk det ikkje.

Margreth Olin har regissert dokumentaren om fotograf Lene Marie Fossen.
Margreth Olin har regissert dokumentaren om fotograf Lene Marie Fossen.

Margreth Olin sit på Pascal ved Filmens hus i Oslo. Der har det nett vore pressevisning av filmen Selvportrett. Filmen er resultatet av fem år med opptak frå livet til Lene Marie Fossen (1986–2019), som var ein lovande fotograf i tjueåra. Dokumentaren følger Fossen frå merksemda rundt fotografia hennar voks, samstundes som ho vart sjukare og sjukare av anoreksi. Sjukdommen hadde ho slite med frå ho var ti år gammal. I oktober i 2019 døydde Fossen av påkjenninga kroppen hennar hadde fått på grunn av underernæring. Nokre veker før fekk ho sett den ferdige versjonen av filmen.

I arbeidet med Selvportrett har Olin vore produsent og hatt regi saman med Espen Wallin og Katja Høgset. Wallin hadde alt filma Fossen i tre år då Olin vart med i arbeidet med filmen.

– Espen vart kjend med Lene for ti år sidan. Han er fotograf og lærar og såg talentet hennar tidleg. Han spurde om han kunne følge henne på ei fotoreise ho skulle gjere til Hellas. Espen visste at Lene var sjuk, men det var bilda hennar han var opptatt av.

Etter kvart vende Wallin seg til potensielle samarbeidspartnarar for å få finansiert ein dokumentarfilm om Fossen. Etter fleire avslag kom han til Olin. Ho såg potensial i filmen og meinte det kunne bli ein kinofilm.

– Kvifor trur du han fekk nei frå dei andre han spurde?

– Berøringsangst. Eg trur ikkje han fekk nei på grunn av kunsten til Lene, for eg trur at alle med ei viss kunstinnsikt vil sjå at ho hadde talent. Men det at ho var så sjuk, gjorde at folk hadde angst for å ta i historia hennar. Mange vegrar seg for å gå tett på nokon som er alvorleg psykisk sjuke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement