Musikk
Arkivet: Å vente på månen
Peter Wolf skaut blink med det første solo?albumet i 1984.
Karismatiske Peter Wolf (79) var frontmannen i J. Geils Band, som gjorde skiten blues og obskur soul til stadionrock, og han blei USAs svar på Rolling Stones. Men etter popsirkuset med «Freeze Frame» og «Centerfold» på 1980-talet gjekk Peter Wolf solo.
Han har no gitt ut den glitrande memoarboka Waiting On the Moon om menneske han har møtt: Marilyn Monroe, Bob Dylan, David Lynch og ekskona Faye Dunaway er berre nokre av dei. Opphavleg ville han bli målar, men på kunstakademiet i Boston blei han musikar. Her er stor humor.
Han var knapt ute av tenåra då han fekk avtale om ein prat med blueskongen John Lee Hooker på hotellrommet hans klokka fire ein ettermiddag. Med nedrulla gardiner og TV som lyskjelde låg John Lee i den eine senga iført wraparound-solbriller, boksarshorts, kvit T-skjorte og høge, svarte silkesokkar og med tørkle på hovudet. På nattbordet: Ballantine’s Scotch, ei pakke Kool og eit oskebeger med eit tårn av sneipar. I den andre senga låg den skinande raude Gibson-335-gitaren hans.
Då han fekk setje seg, skjønte Wolf at TV-ruta hadde Hookers fulle merksemd. Mannen som pla synge «I’m bad like Jesse James», var fjetra av fjernsynsserien Lassie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.