Musikk

Arkivet: Soulman Bobby

Publisert

Bobby Womack blei kalla den største soulsongaren av alle. Det vart sagt at han song for å drive ut demonane sine.

Til liks med mentoren Sam Cooke starta han i gospel. Cooke hadde sitt eige plateselskap og såg det råe talentet til 17-åringen Bobby som song i The Womack Brothers. Han lét dei spele inn gospel for å lokke dei over i pop.

«Couldn’t hear nobody pray» selde ikkje, og brørne møtte opp i studio igjen under namnet The Valentinos. Sam Cooke-teamet hadde forvandla hymnen til poplåten «Lookin for a Love».

Med Womack i front song dei seg inn på hitlistene. Han blei gitaristen til Sam Cooke, og i 1964 nådde The Valentinos så vidt å få «It’s All Over Now» inn på Hot 100 før The Rolling Stones stal låten som Womack og svigerinna hadde skrive.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement