Barnebokforfattaren som vil underhalde dei vaksne
Lunt og leikent, lag på lag. Ragnar Aalbu er kjend for både skjemt og alvor. No har han fått Statens kunstnarstipend for seniorar.
Ragnar Aalbu i verkstaden i huset på Nesodden.
Foto: Julie Killingberg
I ein stor og skjerma einebustad ved eit skogholt på Nesodden bur den prislønte barnebokforfattaren og illustratøren Ragnar Aalbu. Med ein nyfiken og litt klengete kattunge hakk i hel ynskjer mannen velkomen. Han byr på te og ein liten matbit, romsterer litt inne på kjøkkenet og kjem ut i mellomgangen med eit brett med knekkebrød, ost og kjeks.
– Me får vel ta turen opp på verkstaden, seier Aalbu og viser veg opp ei bratt trapp.
Kontoret i andre etasje har saltak. Store vindauge går heilt opp til mønet og slepper naturleg lys inn i rommet. Eit trommesett står i eine enden, skrivepulten i andre. Kattungen smyg seg rundt ark, bøker og tastatur før han legg seg ned i ei korg ved sida av datamaskina.
Om ein snur seg, vil ein sjå at diplomveggen er full. Endå er det mykje som ikkje har fått plass.
– At eg har fått så mange prisar, er ikkje sjølvklart. Eg kjenner mange flinke folk som ikkje opplever det.
Forfattaren kan ikkje hugse å ha søkt om seniorstipend, men seier at det må han jo ha gjort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.