Bibelske passasjar i KoranenVed skal eit unikt under hamaren: under den muslimske teksten kan bibelske passasjar skimtast.
Ved Christie’s skal eit unikt Koran-manuskript under hamaren: under den muslimske teksten kan bibelske passasjar skimtast.
Koptiske bokstavar kan så vidt skimtast under dei arabiske
Foto: Christie's
Eit «ekstraordinært» funn, seier spesialistar ved auksjonshuset Christie’s til The Guardian, og held fram: «Det er eit sjeldsynt døme der det ligg ein arabisk tekst oppå ein ikkje-arabisk tekst.» Funnet det er tale om, finst i eit Koran-manuskript frå 700-talet. Det handlar om koptiske bokstavar som kan skimtast under dei arabiske bokstavane. Dei koptiske bokstavane viser til Femte Mosebok. Eit slikt funn har aldri vore gjort før, og det vitnar om tidleg kulturelt samspel mellom ulike kulturar i den tidbolken islam stod fram, 700-talet var islams andre hundreår.
Det er den franske forskaren Eléonore Cellard som står for funnet. Ho har lenge leita etter eit Koran-manuskript med ein såkalla palimpsest – handskrift der den opphavlege skrifta er fjerna og skifta ut med ny skrift – i ein om lag ti år gammal auksjonskatalog. Men så fekk ho tak i den nyaste katalogen frå Christie’s, og der fann ho det ho søkte etter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.