Litteratur

Breiddeformat

Mangfald, i uttrykksmåte og i livshaldning, må vere eit stikkord for Torgrim Eggen, som har skrive i gjennom­snitt éin artikkel i veka gjennom dei siste 40 åra.

Torgrim Eggen er forfattar og skribent. I 2017 fekk han Brageprisen for biografien om Axel Jensen.
Torgrim Eggen er forfattar og skribent. I 2017 fekk han Brageprisen for biografien om Axel Jensen.
Publisert

Torgrim Eggen har verka som skrivande og farande fant i over førti år. Cappelen Damm gav i haust ut ei samling utvalde artiklar frå 1983 til 2023 med tittelen Bredt fokus. Den produktive groruddølen har òg skrive mange bøker. Artiklane i Bredt fokus er delt inn i temaa musikk, mat, visuell kunst, litteratur, reise og generelle meiningsytringar.

– Når eg les artiklane, slår det meg at du må ha hatt det gøy. Kva – av alt det du har skrive om – tenkjer du tilbake på med mest glede?

– Det må kanskje vere reiseskildringane frå 1990-talet. Eg fekk sett verda på oppdrag og leverte reportasjar frå fleire verdsdelar, Asia, USA og Mexico i tillegg til Europa. Slikt er fantastisk når ein er ung, og eg er glad eg fekk gjort det då. Det er ein spennande måte å vere journalist på. Ein ruslar rundt utan nokon fasttømra plan for kva ein skal skrive, møter nokre folk, kjem i snakk, og gjennom desse møta blir ein ført inn i kulturen og historia på staden.

Han har også hatt lengre utanlandsopphald medan han jobba med romanprosjekt, og han har gitt ut to bøker om byar, Manhattan og Berlin.

– Det er meininga eg skal skrive ei bok til, om Oslo, etter same mønster som dei andre to, som har stor vekt på det kulturhistoriske. Ofte har tematikkar eg har vore opptatt av i bokform, runne vidare over i artikkelformatet.

– Dårleg rykte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement