Musikk
Brøyta veg for Beyoncé
Ettertida har hylla ho som svart føregangskvinne. No medverkar 83-åringen på Beyoncé sitt nye countryalbum.

Beyoncé har utgitt countryalbumet Cowboy Carter, og mens kommentariatet diskuterer så busta fyk om ho har lov til å endra på «Jolene», applauderer Dag og Tid-spalta Arkivet for at den svarte countrypioneren Linda Martell gjer spoken word-intro av to sentrale songar på plata.
Ho heiter eigentleg Thelma Bynam og blei i 1969 den første kvinnelege svarte artisten som opptredde på Grand Ole Opry i Nashville. Fødd og oppvaksen i South Carolina i ein sharecropper-familie der faren var predikant. Thelma song i kyrkjekoret og var like glad i Hank Williams som faren. I tenåra tok ho artistnamnet Linda Martell, men då dei sjelfylte R&B-singlane med Linda & the Angelos ikkje selde, gjekk ho solo med country og pop på repertoaret. Shelby Singleton fall for countryrøysta og teikna kontrakt.
I 1969 gjekk både «Color Him Father» og «Before the Next Teardrop Falls» inn på Hot Country Top 40. Dei finst på LP-en Color Me Country. I 1974 hadde Linda fått nok av sexismen i Nashville og rasisttilrop frå kvite countryfans og trekte seg tilbake.
Ettertida har hylla ho som svart føregangskvinne, og om medverknaden på Cowboy Carter konstaterer 83-åringen på Instagram: «It’s Beyoncé. After all.»