Då lovgivarane blei tvinga i kne

Etter at Stortinget vedtok dei såkalla tukthuslovene i 1927, blei reaksjonane så sterke at vi fekk det Hans Petter Graver i den nye boka si kallar eit av noregshistorias klaraste døme på at forholda låg til rette for sivil ulydnad.

Hans Petter Graver har skrive boka om tukthuslovene.
Hans Petter Graver har skrive boka om tukthuslovene.
Publisert

Jussprofessor Graver har skrive boka Tukthuslovene som del av eit forskingsprosjekt om forholdet mellom domstolane og dei andre styresmaktene, især i situasjonar der samfunnet går i meir autoritær retning. I eit slikt prosjekt passa historia om tukthuslovene perfekt inn. Desse lovene råka arbeidarklassen einsidig på tre måtar. Nye reglar i arbeidstvistlova utvida og skjerpte straffeansvaret for dei som deltok i eller oppmoda til ulovlege streikar, og gjorde fagforeiningane økonomisk ansvarlege for tap arbeidsgivaren leid ved slike aksjonar.

Eit nytt kapittel i same lova, om tvungen skilsdom («voldgift») i interessekonfliktar, tok frå arbeidarane retten til å nytte streik for å fremje lønskrava sine. Og ei tilføying i straffelova paragraf 222 kriminaliserte på det næraste alle tiltak for å hindre streikebrytarar. Det blei forbode å offentleggjere namn på streikebrytarar, setje opp streikevakt og freiste påverke streikebrytarar – i lova kalla «arbeidsvillige» – til å leggje ned arbeidet.

Vedtaket førte til bruk av rettsapparatet mot arbeidarane i arbeidskonfliktar i langt større omfang enn tidlegare.

Bakgrunnen for lovendringane forklarer Hans Petter Graver slik:

– Etter den russiske revolusjonen følgde ei radikalisering både på venstresida og på borgarleg side i Noreg. Dei meir radikale delane av begge fløyene kjempa om posisjon. Så var vel dette eit uttrykk for at den radikale delen av dei borgarlege fekk gjennomslag på slutten av 1920-talet.

– Korleis kunne Ivar Lykkes mindretalsregjering av Høgre og Frisinna Venstre få fleirtal for så radikale lovendringar? Var det faktisk slik at venstreleiaren Johan Ludwig Mowinckel i eit anfall av rein irritasjon gav støtte til noko han og partiet hans hadde vore imot?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement