Bok
Då «massekunsten» erobra landet
Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.
Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.
Foto: Birk Tjelmeland
Den norsk-argentinsk kunstnarduoen Alt Går Bra, ekteparet Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried – med base i Paris og Bergen, la merke til at desse bileta dukka opp på alle loppemarknader. Difor byrja dei grave i historia, som kan førast attende til den vesle bygda Stranda i dåverande Lindås kommune. Der tok nokre fiskarbønder til å produsere bilete som attåtnæring under krigen, og verksemda heldt på til utpå 1960-talet. Kor mange dei var, er uråd å seie i dag, men talet kan maksimalt ha vore tjue, meiner Nedregård.
Etter å ha undersøkt dei få kjeldene som finst, funne fram til fleire hundre bilete og intervjua etterkommarar etter Stranda-målarane, har kunstnarkollektivet knytt til seg norske og franske fagfolk som saman har bidrege til boka Strandamalerne, som nyss kom ut.
– Å få innsikt i produksjonen til Stranda-målarane har vore svært gjevande for oss. Heile dette fenomenet og desse menneska er så rike på livsappetitt og haldninga deira så inspirerande. Samstundes er det mykje i denne historia som får oss til å tenkje over korleis kunstverda er organisert i dag, kva for maktstrukturar som rår der, kva kunst betyr i samfunnet og i folks kvardag, og kva som kan stå i vegen for at kunsten skal få sin plass i kvardagen vår, seier Nedregård.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.