Historie

Då nynorsken song seg inn i sjelene, kristenlivet og folket

Nynorsk Salmebok har hatt ei sterk rolle i forståinga av forsoning og samvirke.

Møte i salmeboknemnda i 1925. Bernt Støylen, Anders Hovden og Peter Hognestad.
Publisert Sist oppdatert

Dei tre som i 1921 fekk i oppgåve av Det Norske Samlaget å lage ei eiga, heilnorsk salmebok med nynorske salmar til bruk i kyrkje, heim og møteverksemd, kunne knapt vore meir ulike. Peter Hognestad (1866–1931), Andreas Hovden (1860–1943) og Bernt Støylen (1858–1937) var likevel sameinte i tru og voner for kyrkje og land. Som Anders Hovden sa: «Hognestad var klok og kald, Støylen var klok og varm, eg var berre varm.»

I alle høve måtte det nye songar til, som stod til den omfattande liturgiske prosessen frå 1889 til 1920, då ny høgmesseordning overalt endeleg var på plass frå 1. søndag i advent. Jamvel kom der radiogudstenester alt frå 1924.

Prosessane baud til å korte ned tida for preike, song og rituelle element i nattverd, dåp, bryllaup og gravferd. Salmane måtte verte fyndigare og klårare, med færre uskjønlege ord og vendingar. Dette var dei tre målfolka godt kjende med; tilhøvet mellom skrift, tale og song var det alle hadde levd med.

Alle var dei grundtvigianarar, altså optimistar. Liksom Grundtvig og Luther sette dei Augustin høgt; dei var sams om at Ordet måtte opplevast kroppsleg, bli sanning gjennom songen, og slik forløyse mysterium om tidsoppleving, sameining mellom generasjonane og forventningar om framtida.

Samkjensle i gudstenestesamværet løfta og tok menneska nær epifanien – gudsopenberringa. For dei bibelske salmane er det slik, ifylgje nordlendingen Sigmund Mowinckel (1884–1965), ein av dei få verdskjende norske GT-forskarane, at i den augneblinken songen tonar frå den tilbedande lyden, der er Gud til stades straks.

Dei tok såleis opp og vidareførte arven etter Elias Blix (1836–1902). Han sprengde lydmuren for nynorsken i kyrkja, bokstavleg tala, med den populariteten dei fyrste hefta fekk – det fyrste jamvel sendt ut usignert. Dei kom i 1869, 1879 og 1875, utvida som samling 1883, oppattprenta 1897.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement