Då tyske kvinner inntok Island
HVERAGERDI: Saman med over 300 andre tyske kvinner kom Elke til Island i 1949. Dei kom for å arbeida på gard – og finna seg ein islandsk bonde.
På sofaen i Elkes stove i Hveragerdi ligg eit trekkspel, og 90-åringen er lett å be. Raskt tryllar ho fram lystige trekkspeltonar.
Foto: Harald Hognerud
Det lukkast Elke Ingrid Gunnarsson med. Ho var berre 18 år den gongen, men ville bort frå det krigsherja Tyskland. Saman med mange andre tyske jenter valde ho å ta sjansen på å dra til landet langt mot nord.
Meir enn sytti år etterpå møter me henne i ei lita, triveleg leilegheit i sentrum av Hveragerdi – den store veksthusbygda ein halv times køyretur sørom Reykjavík. Elke var berre åtte år då krigen byrja, og då me møtte ho, hadde ho for lengst feira 90-årsdag.
Det er ikkje mange att av dei tyske jentene som reiste nordover, men små glimt frå historia om dei motige kvinnene dukkar stadig opp i bøker og blad. I 2011 gav den tyske forfattaren Anne Siegel ut boka Frauen, Fische, Fjorde, og der formidlar ho historia til nokre av desse kvinnene. I Tyskland var det mange som var interesserte i lesa historia om den omvende invasjonen, og boka har kome i minst seks opplag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.