Litteratur

Debut i Barnebladet

Det er 50 år sidan nobelprisvinnaren Fosse debuterte med eit ordskifteinnlegg i Norsk Barneblad 2. juni 1973.

Publisert

«Republikk i Noreg» var tittelen. Ordskifte var ei svært populær spalte der lesarane diskuterte stort og smått. Fosse blei overraska over kor mange som var usamde med han.

«REPUBLIKK I NOREG!

Synest du det er rett at det høgste embetet i Noreg skal gå i arv? Det er mykje rettferdigare med president enn konge, og då er vi meir sikre på at vi får rett mann på rett plass.

Presidenten har arbeidt seg opp til den stillinga han får, det har ikkje kongen. Kongen kan ikkje straffast, seier grunnlova, så om han bryt lovene, kan han ikkje bli dømd.

Etter grunnlova er kongen rekna for ein heilag person. (Kan de som er kristne, godta det?)

For å få demokrati fullt ut, må vi få republikk. Grunnen til det er at i eit demokrati skal alle ha same rett, og det har vi ikkje no når det høgste embetet i landet vårt går i arv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement