Dei gløymde kvinnene
– Eg ønskte å skrive ei formidlingsbok som ikkje berre kunne vere til nytte for studentar og universitetstilsette, men også for andre med interesse for filosofi.
Kristin Gjesdal er professor i filosofi.
Foto: Lina Hindrum
Kristin Gjesdal er aktuell med boka Opprørerne. Kvinner som endret filosofien (Cappelen Damm, 2024). I boka skriv Gjesdal om elleve kvinnelege filosofar som vart utelatne då den moderne filosofihistoria vart skriven – frå om lag den franske revolusjonen i 1789 og fram til borgarrettskampen i USA i 1970-åra. I boka trekkjer ho fram både kjende og mindre kjende kvinner som med tankane sine sette sitt preg på tida dei levde og verka i, og som inspirerer og engasjerer den dag i dag.
Gjesdal er professor i filosofi ved Temple University i Philadelphia. Ho har vore oppteken av kvinner i filosofien sidan ho tidleg i studietida vart frårådd å skrive om Hannah Arendt og forståinga hennar av den romantiske filosofien. Interessa har berre vorte sterkare dei siste åra, seier ho.
– Kva slags bok er dette?
– Det er ei bok om ei handfull kvinner som nytta filosofien på ein samfunnskritisk måte, til å tenkje igjennom vilkåra for den kulturen dei sjølve var ein del av – ikkje minst den kulturen som ekskluderte dei frå filosofien som akademisk disiplin.
Heldigvis for oss, seier ho, er filosofien meir enn det. Ho peiker på at fleire av dei kvinnelege filosofane ikkje var akademikarar – slik som heller ikkje Arthur Schopenhauer, Søren Kierkegaard eller Friedrich Nietzsche var det.
– Kvifor har ikkje desse filosofane fått nok merksemd, meiner du?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.