Litteratur
Dei sanne truande rir igjen
Karl Ove Knausgård skitnar til namnet sitt med opne augo. Kvifor?
Karl Ove Knausgård takkar ja til Leninprisen, som er på 100.000 kroner.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Karl Ove Knausgård har takka ja til Leninprisen. Litt uklart for kva – han seier jo at han skjønar kven Lenin, tyrannen, var. Det som ligg til grunn for å seia ja, er at han ser Lenin som ein «kompleks» figur som ville det gode, men var ansvarleg for det vonde.
Det er her han trår så feil. Bertrand Russell såg det klart alt i 1920 etter å ha møtt Lenin i Kreml. Han kalla Lenin diktatorisk og vond (evil). Ein intellektuell full av forakt for annleis tenkjande og inntil beinet retthaversk og doktrinær, med «så lite kjærleik for fridom som dei kristne som leid under keisar Diokletian» (frå The Theory and Practice of Bolshevism, 1920).
Prisen er oppretta av ein venstreorientert rikmann i Sverige til minne om Jan Myrdal, som meinte at kambodsjanarane ville fått det betre om Pol Pot hadde kunna halda fram med sitt styre.
Frå 1975 til 1978 tok denne Pol Pot livet av om lag 1,8 millionar menneske, i torturkammer (S 21 i Phnom Penh) og på dødsmarker der sleggjer var det mest anvendelege drapsvåpenet. Kva gjer det når utopien vart realisert til sist?
Myrdal må kunne seiast å ha synt nærast forakt for menneskerettane og demokratiet. At nokon med sine fem sansar fullt fungerande kan ha trong til å hylla han, er meir enn eg kan forstå. Kvifor vil Knausgård bli assosiert med dette selskapet?
Prisvinnaren seier sjølv at det ville vore «feigt» å seia nei. Feigt? Eg skjønar ikkje eit slikt logisk forvridd synspunkt. Og Lenin, som truleg ville vorte like mordarisk som Stalin om ikkje hjerneslaget hadde teke han – han var like jesuittisk i moralen sin så lenge eiga makt stod på spel. Det var den tyske overkommandoen, hovudfienden, som spanderte togreisa frå Zürich til Petrograd i 1917. Utan den reisa ville det ikkje vorte noko oktoberkupp, ei av dei mest tragiske hendingane i det 20. hundreårets historie. Antony Beevor meinte at borgarkrigen som fylgde etter bolsjevikpartiets siger, tok livet av 12 millionar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.