Litteratur

Deler vonde historier

Ewa Sapiezynska har skrive bok om korleis det kjennest å vere polsk i Noreg. – Boka er både ei bekymringsmelding og ei kjærleikserklæring, seier ho.

Ewa Sapiezynska skriv om dei ubehagelege sidene ved å vere polsk i Noreg. Foto: Christiane Jordheim Larsen
Ewa Sapiezynska skriv om dei ubehagelege sidene ved å vere polsk i Noreg. Foto: Christiane Jordheim LarsenEwa Sapiezynska skriv om dei ubehagelege sidene ved å vere polsk i Noreg. Foto: Christiane Jordheim Larsen
Publisert Sist oppdatert

I ordboka er det enkelt. Polakk tyder «person frå Polen». Statistikken er også enkel. 1. januar 2022 utgjorde polakkar den største innvandrargruppa i Noreg, med 105.477 personar, framfor land som Litauen, Sverige, Syria og Somalia.

Men bak dei tørre faktuma gøymer den komplekse røynda seg, som mange av oss truleg veit litt mindre om. Den som handlar om folk av kjøt og blod, og hovud fylte med tankar, draumar og planar. For kva historier ber polakkane på, dei som jobbar, bur og lever i Noreg, side om side med personar som meg sjølv, vi som kan kalle oss majoritetsnordmenn?

Eg sit ved eit kafébord i Oslo saman med ei kvinne som har mykje på hjartet. Så mykje at ho har skrive bok om korleis det er å vere polakk i Noreg. Tittelen kan kjennast som ein knyttneve: Jeg er ikke polakken din.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement