Litteratur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.
Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.
Publisert

38-åringen frå Porsgrunn, no busett i Vestby, har fått ein pangstart på forfattarskapen sin. Ho debuterte i 2020 med romanen Skabelon, som blei nominert til Tarjes Vesaas’ debutantpris og er gitt ut i Tyskland, Nederland, Ungarn og Danmark. Det er ingen grunn til å tru at årets roman ikkje skal nå minst like langt ut.

– Når eg skriv, tek eg ofte utgangspunkt i eit bilete eller ei stemning. Det første biletet eg fekk i hovudet, var av eit hus midt på ein asfaltplass, omringa av lagerhallar, bilopphoggingsfirma og papirgjenvinning – eit ruskete industriområde.

Så spurde ho seg: Kva er dette for eit hus? Kven kan bu her?

– Like før hadde eg skrive eit kort, lett poetisk avsnitt om vald. Det var tenkt nytta i boka eg heldt på med, ei forteljing om ein vaksen mann som er rusmisbrukar, og som søstera gjer alt ho kan for å stable på beina. Det var då arbeidet stoppa opp, eg oppdaga dette huset. Eg tenkte: Kva slags oppvekst får eit barn i slike omgivnader?

– Begge romanane dine handlar om vond barndom og former for omsorgssvikt?

– Det finst mykje omsorgssvikt i ulike former kring oss. Eg har alltid blitt dregen mot forteljingar som ikkje er heilt enkle og ukompliserte, slikt som ikkje er så lett tilgjengeleg. Og det er ofte det mørke, då. Den skuggen vi har i oss, der ein ikkje heilt får grepet om det som ikkje fungerer, det som er vondt i mennesket, det som er natur i mennesket. Dei to bøkene skildrar omsorgssvikt, men det er ulike former for oppvekst og omsorgssvikt. Det blir ofte dystre greier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement