Litteratur
Det danna menneskedyret
Forfattaren og aktivisten Erland Kiøsterud trur at løysinga på klima- og naturkrisa ligg i å forstå menneskenaturen.
I heimebiblioteket har Kiøsterud sortert bøkene etter tema, forfattarskap og tidsepoke. Same kva ein talar om, kan forfattaren trekkje fram ei relevant bok.
Foto: Julie Killingberg
I ein gamal herskapeleg bygard på Oslos vestkant bur forfattaren og aktivisten Erland Kiøsterud. Velkledd og talefør står han fram som særs danna. Likevel kallar han seg for menneskedyret. Det er difor ein særs overraska journalist som står i døra – nyfiken på kven dette er for kar.
69-åringen seier han likar seg i naturen. Han fiskar, vandrar, går på ski og rir. Han har vore med i miljørørsla og drive mykje med sivil ulydnad, men no konsentrerer han seg mest om skrivinga. Forfattaren er oppteken av kva som vert rekna som vakkert, og trur dei estetiske ideala er forma av tida.
– Om me skjønar at desse preferansane ikkje er tidlause, men kjem av kjensler og opplevingar, vert det enklare å forstå vår eigen natur, trur Kiøsterud.
Desse tankane har nett resultert i ei dobbelutgiving. I to nye bøker blandar han sjølvbiografiske element med filosofiske tankar om både menneske, naturen og menneskenaturen.
Plikter og privilegium
Takrosettar og klassiske stilmøblar. Levande ljos. Bognande drueklasar. Knitring i peisen. Eige bibliotek, og ein eigen atmosfære. Hyllemeter på hyllemeter med bøker teiknar eit bilete av kven heimen husar. Her er både skjønnlitteratur og sakprosa av alle slag – og alt er sortert tematisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.