Litteratur
«Det kjennest ut som om eg aldri har gjort noko meir opprørsk enn å verta katolikk»
Utdrag frå boka Mysteriet i trua. Ein samtale mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal:
«Du har tidlegare hatt eit svært distansert forhold til kyrkja, og vore utmeld. Eg har alltid tenkt på at det er ei antidogmatisk og opprørsk åre i deg. Men no er du altså inne i ein svært dogmatisk organisasjon. Kva skjedde med opprørstrongen?
Nei du, er det noko som er opprørsk i det norske samfunnet, eller ikkje berre der, i det intellektuelle europeiske miljøet òg, for den saks skuld, så er det å konvertera til Den katolske kyrkja og å kalla seg for kristen. Det kjennest ut som om eg aldri har gjort noko meir opprørsk enn å verta katolikk. Hugs på at det stod i den norske Grunnlova at «Munkeordener maae ikke taales». Jesuittar fekk fyrst tilgjenge til riket i 1956, tre år før eg vart fødd. Det har elles vore påfallande lite snakk om at katolske munkar vart utestengde, mykje meir om at jødar vart det. Rimeleg nok, eigentleg, men likevel. Trass alt fekk jødar tilgjenge til Noreg i 1851, jesuittar fyrst i 1956. Og då etter mykje offentleg ordskrifte. Og 31 stortingsrepresentantar røysta imot.
Av og til trur eg forresten ikkje folk hadde vorte meir forundra om eg hadde sagt at eg kom frå horehus enn om eg seier at eg kjem frå messe. Begge delar er liksom like pinleg.
For meg er det å lata seg ferma midt i femtiårsalderen eit opprør, heilt opplagt. Mot det kroppslege og sexfikserte, det antiåndelege, den positivistiske sosialteknologiske materialismen. Alt dette er så norsk. Ein kan knapt opna ei avis der det ikkje står noko om trening, mat og kropp. Og med eit bilete av noko som liknar på eit menneske i klede som klistrar seg til kroppen. Dette er så ulikt den katolske kulturen i Sentral-Europa, som eg også til dels lever i, der er kulturen prega av memento mori, men òg av carpe diem. Dei to heng saman. Og ein går i fjellet hovudsakleg for å ta inn over seg naturens venleik, ikkje for å styrkja kroppen sin. I Noreg vert det korkje det eine eller det andre. Korkje memento mori eller carpe diem. Det er som om ein får lyst til å gjera seg til idiot og gaula høgt at du ikkje kan springa til himmelen! Du får ikkje kroppen din med deg! Kroppen din rotnar, vert brend opp! Stans, set deg ned. Tenk. Ver stille. Bed ei stille bøn! Set deg ned, ikkje sykla, ikkje spring!
Allslags idrett, ja sport, er eigentleg vulgært, rett og slett. Men stakkars den som veit at det er slik. Og som vågar å seia at fotball er det. Både manns- og kvinnefotball. At ein så kan ha glede av det vulgære, det er no så. Også eg kan ha glede av å sjå ein god fotballkamp, eller sjå på til dømes langrenn frå ein verdsmeisterskap. Det er bortimot det einaste eg kan tenkja meg å sjå på fjernsyn, men det vert nesten aldri til at eg gjer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.