Digital strikking
Strikking er ikkje det det ein gong var.
Garnprodusentane brukar andre verkemiddel for å selje design i dag enn dei gjorde før. Biletet til venstre er frå 1997 og det til høgre frå 2020.
Foto: Rauma Ullvarefabrikk
Lytt til artikkelen:
1200 strikkarar sit i desse dagar lenka til Facebook. Gjennom den digitale plattforma får dei dag for dag servert ein brøkdel av ei strikkeoppskrift. Inngangen har kosta dei 140 kroner. Strikketøyet veks etter kvart som postane i gruppa blir fleire. Kva resultatet av bundingen blir, veit ingen av dei. Men dei stolar på avsendaren, Ingunn Myklebust. Dei veit at det ho gir dei, er noko dei vil ha. Den førre boka med strikkeoppskrifter Myklebust gav ut, var ein bestseljar.
Ei såkalla samstrikking, eller knit along, som fenomenet heiter på engelsk, samlar strikkarar som likar overraskingar. Dei synest det er spennande å ikkje vite kva det dei strikkar, blir til slutt.
Men spenningssøking er ikkje det einaste ein assosierer med strikking. Ein kanskje endå viktigare motivasjon til å samstrikke er fellesskapet som oppstår blant dei som deltar. Bak kvar skjerm, i kvar stove, er strikkarane i sosialt selskap. I gruppa kan dei spørje kvarandre om hjelp til å tyde oppskrifta, dele bilde og grunde på kva plagget skal bli.
Strikk og drikk
For dei som ikkje vågar å satse pengane sine på eit prosjekt dei ikkje veit kor endar, finst andre møteplassar. På strikkekino snurrar filmen i ein sal med nok lys til at ein ser strikketøyet. På strikkefestivalar samlar strikkeentusiastar seg for å høyre foredrag, kjøpe utstyr og treffe folk som deler interessa deira. Fleire bibliotek arrangerer Strikk og lytt: Ein forfattar eller bibliotekar les eller fortel og lèt seg ikkje bli forstyrra av klirrande pinnar og blikk som går til strikketøyet i staden for scena. Strikk og drikk er av dei meir avslappa rammene strikkarar møtest i. Her kan dei strikke og, ja, drikke. Ein nær slektning av syklubben, må ein vel kalle Strikk og drikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.