Diktet

Diktet: Adolf Fredrik Kneese

Publisert

I tidlegare tider vart folk – dei med midlar – gravlagde i kyrkja, under kyrkjegolv og i gravkjellarar. Diktet over er frå gravplata til ei slik grav, kista til Clara Margrethe Aagom Hartgen (1770–1797). Clara var frå Bodin, ho var gift med jekteskipper Adolf Fredrik Kneese (1757–1808) på Skagstad i Steigen. Det er i Steigen kyrkje ho er gravlagd.

Sidan det ikkje finst bevart portrett av ekteparet, har eg med eit bilete av gravplata. Teksten er frå rapportserien Tromura (nr. 20, 1991) om arkeologiske undersøkingar i kyrkja. Der peikar Gerd Stamsø Munch på den personlege tonen i diktet. Kanskje er dette ei av dei mest rørande gravskriftene vi har? Diktet har eit rotete oppsett, versjonen i denne spalta er varsamt justert.

Dei kristne referansane er typiske for tidlegmoderne poesi: Her er memento mori (hugs dauden) – «mit Ansigt og mit Legemes huus, udwiser hvad jeg döyet» – og bodskap om domedag og oppstoda. Diktet viser til Rakel i Bibelen (1. Mosebok 35,16­-21), som skjenkjer mannen sin, Jakob, ein son, før ho sjølv døyr i barsel. Ho kallar sonen Benoni – som tyder «son av smerta», men Jakob endrar namnet til Benjamin, «son av lukka». Clara døydde sjølv i barsel, det er mogelegvis enkjemannen som er diktar-eget. Denne teatralske skrivemåten er òg typisk for poesi i denne perioden. Eg har tidlegare vist korleis Petter Dass gjev ordet til liket åt svigermor si i «Begravelses-Vise over Elisabet Larsdatter».

Adolf endra ikkje namnet til Benjamin. Kvifor? Det kjem fram av kyrkjeboka i Steigen, som Munch òg har undersøkt: «Madame Clara Margr. Aagum Kneses av Schagstad 26 aar gammel død i Barselseng. Jordsat i samme kiste som Moderen det dødfødte Drengebarn». Inntil kista deira låg òg kistene til dei andre to borna hennar.

Det er ei hjarteskjerande soge, uttrykt i sterke ord. Barselsdød var born og kvinners verste fiende i eldre tider. Heldigvis har vi kome lenger i dag med tanke på kvinnehelse.

Som Rachel jeg fra Jachob gik, wed barsøls haarde plage,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement