Diktet
Diktet: Anne Grete Preus
Foto: Thomas Bjørnflaten / NTB
No i januar har nok mange opplevd dette: Det vrimlar av snøfnugg frå himmelen, alt blir dekt av kvitt og blir så forunderleg stilt og fredeleg. Kan denne opplevinga formulerast med ord? Ja! I diktekunsten finn vi tolkingar av naturen som gjev oss estetisk nyting like stor som sjølve naturinntrykket. Det meiner eg er tilfellet med songteksten «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus (1957–2019) frå Mosaikk – 16 biter (1998). Av omsyn til lengd er ei strofe av songen ikkje med her.
Det er ein herleg song med ein ordkunst på nivå med dikta til store poetar, kanskje særleg barokkdiktarar, i interessa deira for kontrasten mellom det himmelske – som noko reint og frelsande – og det jordiske som noko forgjengeleg og feilbarleg.
Vi merkar kor godt Preus lukkast med å fange synsopplevinga av fallande snøfnugg med ulike former for paradoks og oksymoron – kombinasjonar av ord som logisk sett utelukkar kvarandre: Snøfjoma kjem som «dalende flommer» – altså som flaumar som ikkje fløymer, men dalar – noko som jo er ulogisk, men som meisterleg fangar rørslene til snøfnugg.
Den andre motsetninga ligg i krigsmetaforen: ein «himmelsk hær» som går til åtak i «myldrende [...] sekunder». Det er tale om formuleringar som inneber ei forventning om støy og øydelegging, for det «tvinger hele byen i kne», men resultatet er omvendt. Okkupasjonen kjem ljodlaust og utan våpen, med «usynlige munner».
Det sistnemnde peikar på det kjærleiksfulle og overnaturlege ved synet. Gjennom paradokset «iskyss», kjensla av snøfjom som landar på munnen, opplever eget ein nådefull og eineståande kjærleik, for det er heile «himmelen» med kvar for seg unike «stjernesøstre» som fyller heile byen og gjer han overjordisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.