Diktet

Diktet: Bjørn Aamodt

Publisert

Bjørn Aamodt (1944–2006) er omtala som metallarbeidar, men å redusere han til arbeidardiktar ville vera feil. Aamodts far var kunstnaren Asbjørn Aamodt. Poeten hadde altså ein dobbel bakgrunn som gjorde at han kunne tolke ein tilsynelatande enkel arbeidskvardag på ein intellektuell, symbolsk måte.

Det gjeld dette meiningsmetta, fascinerande diktet, frå Knuter, Mulm og andre dikt (1980). Ved fyrste gjennomlesing vil vi oppfatta diktet som ei forteljing om to vidt ulike verder. På den eine sida høgtidstunda hjå dominikanarmunkane på veg til morgonmessa, til ære for Kristus, som døydde for syndene våre på krossen. På hi sida høyrer vi om arbeidaren i krana som har fått eit vanskeleg oppdrag: plassere ei to tonn tung støypeklokke i Uranienborg kyrkje i Oslo. Kranføraren – kanskje diktaren sjølv – har heilt andre, verdslege tankar: Han er oppgjeven over det farlege arbeidet, som har dispensasjon frå lovverket, og ser fram til alt er over, så han kan nyte bokkøl.

Kva er bodskapen? Ironisere over munkane som ikkje er i noka form for risiko, medan kranføraren må ha fritak frå lovverket, slik at han med fare for liv og helse kan få plassert klokka til messa deira? Så lett er det ikkje. Som Heming Gujord skriv i ein analyse av diktet, har diktet kosmiske perspektiv, der diktaren med ein Kristus-allusjon sjølv er krossfest «like over spiret».

I ein annan analyse peikar Claus Madsen på det faktum at bokkøl er ein «øl brygget af Paulanermunke», og at duene truleg viser til den heilage Frans av Assisis tale til fuglane – eit kjent motiv i kunsten. Fuglane høyrer til lufta, himmelen, og «orgonboks» viser til orgonskåpet, som ifylgje psykoanalysen kunne samle kosmisk energi.

Kanskje jamfører Aamodt Kristus ikkje med seg sjølv, men med «halvgærne sjøgutter og apekatter» – dei som verkeleg våga det aller siste: «gå opp leideren». Desse momenta får meg til å lesa diktet om att og om att. Diktet er gåtefullt som påsken sjølv.

Påskedikt (tilegnet arbeidsmiljøloven)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement