Diktet
Diktet: Helge Torvund
Foto: Morten Brun
Dette diktet er frå Helge Torvunds Alt er høy (2007). Eg har omtala eit dikt frå denne samlinga tidlegare, «Kongle» – der fenomenet kongle blir skildra poetisk gjennom ord og klang, slik at du sansar sjølve kongla når du les diktet.
Det same gjer Torvund i dette diktet, «Med eit skal», der det er muslingen som stig fram for oss. Vi sansar skjelet ikkje berre gjennom presise observasjonar av muslingen, «Djupvassblå ru overflate», men gjennom klangen av orda, med heilrim – «krumt og stumt» – og halvrim, bokstavrim og andre oppattakingar: «korn over korn» og «måkeskrikas kvite kniv».
Vi legg merke til at dei fyrste strofene er rike på djupe vokalar, u-ar, a-ar og mørke diftongar, som i «tumlar over knausane i ei mørk og utsøkt rørsle». Det er som om desse ljodane gav oss ei kjensle av å vera inni muslingen, kjenne det mørke og harde i skjelet innanfrå. På slutten av diktet kjem ljosare vokalar til synes – i-ane i «tidsangsttikking» og «måkeskrikas kvite kniv». Dei gjev oss assosiasjonar til den skarpe kanten på ein open musling.
Denne ljodlege overgangen synest å gå parallelt med eit perspektivskifte i diktet. Fyrste strofe inneheld ein overgang frå skildring av utsida til innsida av muslingen, der den løyndomsfulle innsida, med sitt vakre perlemor, opnar seg og samtidig vender blikket utetter att: mot ein eksistensiell, større himmel. Perlemoret ber eit «overnaturleg» mønster, mørke skyer, som får oss til å grunde over tidas gang.
Den siste verslina, som står åleine, utdjupar denne erkjenninga. Eget står einsam på ei strand og kjenner det forgjengelege heilt konkret i sanden som renn ut av skjelet, heilt i samsvar med den såkalla imagismen, som krev ei direkte handsaming av «ting» og ei avskrelling av overflødige ord. Skjelet blir eit konkret timeglas og måseskriket og muslingkanten knivbladet til mannen med ljåen. Det sistnemnde kan ha samanheng med temaet for boka, Alt er høy.
Det er eit herleg dikt, og eg spør meg sjølv når eg les det, om ikkje samla dikt av Helge Torvund skal koma ut snart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.