Diktet

Diktet: Karin Moe

Publisert Sist oppdatert

Karin Moes poesi blir knytt til postmodernismen i 1980-åra. Ho opna språket for den nye mediale verda. I diktsamlinga Mordatter frå 1985 kallar ho ein bolk for «instantologi». Det fekk meg til å tenkje på vår tids instagrampoesi. Men der mange instagramdiktarar har ei ukritisk, naiv forståing av språk, står Moe for det rakt motsette.

I studietida fylgde eg eit kurs om moderne poesi som Hugo Brems ved Universitetet i Leuven i Belgia heldt. Brems uttrykte skiljet mellom modernistisk og postmodernistisk poesi slik: Hjå modernistane har språket mist kontakt med verda gjennom ei tapsrøynsle; diktaren freistar atterreise denne kontakten. Den postmodernistiske diktaren innser derimot at dette arbeidet er fånyttes – det viser han ved språkleik og ordmangfald. Der Gunvor Hofmo skriv at «jeg kjenner ingen ord mer» for det ho vil uttrykkje, finn vi hjå Karin Moe aldri skort på ord.

Ein slik posisjon finn vi i prosadiktet attmed, frå 39 Fyk. Louise Labé den yngres ustyrlige vandringar & andre spekulum (1983). Teksten opnar, slik eg les han, med eit klassisk tema i poesien: sukk over hjartesår. Korleis kan språket døyve smerta? Fyrst talar ho om ein operasjon av hjarta. Det er ikkje dumt tenkt, men likevel feil, her er det vel tale om hjarta i overført tyding – som tungsinn. Dei påfylgjande svara blir meir og meir absurde – og også dyrare. Diktaren skulle vel hjelpe – gode dikt mot «hugsår». Men ho veit alt at diktaren lyg. Kanskje peikar opplagstalet hans på eksemplar kjøpte inn av Kulturrådet. Diktaren blir heller ikkje lesen.

Det er dessutan mogeleg «gjennomsnittslavtlønnsmann» er kritikk av lønsskiljet mellom mann og kvinne. Ho har heller ikkje råd til operasjonen, fordi ho er kvinne.

Moe konkluderer: «Eg får klare meg med det arret eg har.» Vi kunne lagt til: «språkarret». Moe har sjølv karakterisert posisjonen sin slik: «lystelig frydefullt voggande i hengekøya mellom verden og språket». Utsegna fann eg i Bjarne Riiser Gundersens Da postmodernismen kom til Norge, som inneheld eit opplysande intervju med Karin Moe.

FYK 33

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement