Litteratur

Djønne si tid

Etter å ha levd som kunstnar i ei rekke storbyar, flytta Leander Djønne heim til frukttrea, der han har skrive ein roman om arvesynd. Om hemn. Og om stein.

Leander Djønne vann nyleg Lytternes romanpris for debutromanen sin.
Leander Djønne vann nyleg Lytternes romanpris for debutromanen sin.
Publisert

Det er søndag, fuglane syng, det er sol og den varmaste dagen i år, og Leander Djønne tar ein pause frå arbeidet med å støtte opp tre og slå gras. Han er fruktbonde, i tillegg til lærar, kunstnar og no forfattar: For debutromanen Oskespiralen vann han i vår Lytternes romanpris i konkurranse med langt meir omtalte bøker av Trude Marstein og Zeshan Shakar, blant andre.

– Eg blei veldig overraska, vedgår Djønne.

I P2-programma der juryen snakkar om boka hans, blir det sagt at ho burde hatt ein varseltrekant – ei åtvaring om at ho ikkje eignar seg for lesarar med bagasje. Éin medlem grudde seg til å lese boka, ein annan måtte ta ein dusj etterpå. Her er det blod, spy, slim og søle, mugg, ròte og skit. Det er rus og psykose, overgrep, svolt og kulde. Eit elende i elendig vêr. Etter to sider føler ein for å lukke auga, der Faren drar Mora gjennom Ura og slår henne med ein stein. «Ljoden hol og blaut mot hovudet hennar.»

– Du bli ikkje mørk til sinns av å skrive slik?

– Eg har ei armlengds avstand til stoffet. Eit usentimentalt syn på det. Mange lever med vald; dette er fiksjon. Dessutan finn ein nok av valdsskildringar der ute.

Han las Panserhjerte av Jo Nesbø, fortel han, fordi han var nysgjerrig på korleis dei skriv, krimforfattarar som sel millionar av bøker, og fann nærmast perverst fæl vald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement