Litteratur
Døde draumar i fedrelandet
Thomas Seltzer har skrive beksvart om USA – heimlandet han ein gong drøymde om å vende tilbake til.
Thomas Seltzer fryktar den politiske framtida i sitt andre heimland, USA.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
To år etter at Donald Trump tapte presidentvalet i USA, men nekta å akseptere tapet, har amerikanarane igjen vitja røystelokala. Då Dag og Tid gjekk i trykken, viste valresultatet at republikanarane får fleirtal i Representanthuset, medan resultatet i Senatet framleis er usikkert.
Valkampen har vore prega av sterke motsetningar i synet på røynda – motsetningar som på ingen måte har vorte mindre etter Trumps udokumenterte påstandar om valfusk og storminga av kongressen 6. januar i fjor.
Det tilspissa politiske landskapet har ført til valtalar med store ord. President Joe Biden har åtvara om at det amerikanske demokratiet står på spel. Trump har på si side sagt at berre ei republikansk bølgje kan hindre landet frå å verte øydelagt og redde den amerikanske draumen.
Men lever den amerikanske draumen framleis? Nei, meiner Thomas Seltzer, som har skrive boka Amerikansk karmageddon.
Vonbrot
– Den amerikanske draumen betyr jo at ein får sosial mobilitet i byte mot hardt arbeid. Men 70 prosent av dei amerikanske trygdemottakarane jobbar sjølv eller bur i eit hushald der nokon jobbar. Dei treng stønad i tillegg til lønna. Vi står i ein situasjon der det er stort vareutval i butikkane, men der dei tilsette ikkje lenger er forbrukarar, seier han og held fram:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.