Ei ny akt i sløserispelet
Kunstnar Morten Traavik er ikkje utsett for hemn frå Kulturrådet, forsikrar rådsleiar Sigmund Løvåsen. Han ønskjer seg meir debatt om tildelingspolitikken.
Med framsyninga Sløserikommisjonen skapte Morten Traavik (her med flagg) rasande debatt alt før premieren i mai i fjor.
Foto: Thor Brødreskift / Traavik.info
Om målet med kunst er å skape debatt, lukkast scenekunstnar Morten Traavik i fjor godt med framsyninga Sløserikommisjonen. Blant deltakarane på scena var den såkalla «sløseriombudsmannen» Are Søberg, som i ei årrekkje hadde harselert med statsstøtta kunstnarar på Facebook. Ei rekkje scenekunstnarar hevda at Traavik bidrog til trakassering, og debatten vart lang og hard.
Sist veke avslo Kulturrådet søknaden frå kompaniet Traavik.info om 4,5 millionar kroner årleg i såkalla kunstnarskapsstøtte dei neste fem åra. Kompaniet har sidan 2006 fått 32,4 millionar i støtte frå Kulturrådet, skriv Klassekampen. I Aftenposten måndag hevda Traavik at han no blir straffa av Kulturrådet for Sløserikommisjonen. Kulturrådet kunne på si side vise til at dei aller fleste søkjarane på støtteordninga har fått avslag. «Det er mange viktige kunstnerskap som nå blir stående utenfor ordningen», sa Peder Horgen, leiar for fagutval for dans, til NTB. Grunngjevingane for avslaga er ikkje offentlege.
– Ikkje hemn
Denne saka er eit godt utgangspunkt for å stille prinsipielle spørsmål om kunst, kvalitet og statsstøtte. Om det skal vi snakke med Sigmund Løvåsen, forfattar og rådsleiar i Kulturrådet. Men først må vi snakke spesifikt om Traavik-saka. Og avslaget sist veke har ingenting med hemn å gjere, forsikrar Sigmund Løvåsen.
– Søknaden frå Traavik er handsama på lik line og ut frå same kriterium som dei andre søknadene. Det var 38 søkjarar på ordninga for kunstnarskap, og berre seks av dei fekk støtte. Vi har eit sterkt og vitalt scenekunstfelt i Noreg. Denne ordninga er i spenninga mellom å gje langsiktige arbeidsvilkår og å løfte fram nye stemmer. Også søkjarar som har fått støtte over fleire år før, kan få avslag.
– I NRK-dokumentaren Prosjekt sløseri seier styreleiaren for kompaniet at det er ein kampanje på gang, og «neste steg er at Traavik.info misser støtta». Han vart sannspådd?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.