Ei sosialliberal klippe
Ragnar Vold vart styrt av ein sosialliberal grunnhaldning av Lord Keynes-typen som søkte ein mellomveg mellom kommunisme og kapitalisme.
Ragnar Vold var journalist og utanriksredaktør i Dagbladet.
Foto: NTB
Journalisten og utanriksredaktøren i Dagbladet Ragnar Vold (1906–67) har for lengst sikra seg en plass i norsk mediehistorie som den mest klårsynte norske motstemma til Hitlers frammarsj i mellomkrigstida. Nærast på churchilliansk vis åtvara han mot nazismen frå tidleg av.
Tidlegare har vi fått ei samling av avisartiklane til Vold frå mellomkrigstida. No har sonen Jan Erik Vold og Gudleiv Forr gjeve ut ei samling med artiklane hans frå etterkrigstida: Klar tale.
Knapt turr bak øyro – 27 år då Hitler fekk makta – såg Ragnar Vold det til dømes utanriksminister Halvdan Koht ikkje skjøna: at nazismen ikkje var ei «normal» maktsøkjande, nasjonalistisk rørsle ein kunna gjera avtalar med.
Såg totalitær tendens
Vold var ein samtidskommentator som såg Hitler og Stalin som uttrykk for den same totalitære tendensen. Båe appellerte til «idealismen» i samfunnssynet, til den endelause maktarrogansen og statsdyrkinga. Og dei såg seg sjølve som ei fordjupa form for folkestyre. Nordahl Grieg kom aldri så langt i sin samfunnsanalyse.
Med seg i sin intellektuelle bagasje hadde Vold to element som gav hjelp, og som han polerte etter krigen: brei lesing i historie og vid horisont gjennom stadige klipp frå utanlandske magasin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.