Kunst
Ein forsvarar av måleriet
Festspelkunstnar Mari Slaattelid meiner at kunst ikkje treng gni inn det du visste frå før. Og einsemda på galleriet vert ho meir og meir glad i.
Mari Slaattelid er festspelkunstar i Bergen i år.
Foto: Morten Andenæs
Sjølvsagt har Mari Slaattelid atelier på Kunstnernes hus i Oslo, kor elles? Eg er eit steinkast unna kunstnarbustaden Grotten, som mange i 2011 argumenterte for at ho burde få bu i. Argumenta var gode: I over tjue år hadde ho både fornya og oppretthalde den visuelle kunsttradisjonen i Noreg. Ho var rosa både nasjonalt og internasjonalt, hadde stilt ut ved alle dei viktigaste institusjonane i Noreg og var representert i dei viktigaste samlingane. I 2000 fekk ho den prestisjetunge Carnegie-prisen. Men det vart ikkje Slaattelid som flytta inn, men Jon Fosse, ein annan stor, norsk kunstnar.
Eg står ved ein rampe på baksida av huset. Slaattelid kjem ut bak ei nedtagga dør, og viser meg inn i atelieret. Det er store bilete overalt. Lukta av måling og lerret kviler lett over det store og lyse rommet. Golvet er dekt av gråpapir, teipa i skøytane, så ikkje målinga skal renne på golvet.
Eg ser bilete langsmed veggen. I både store og små bilete ser eg att eit felles motiv: ei trekanta lanterne med eit lite auga, ein mann i ein stige. Bileta er ulike, men motivet går att. «Slaattelid veksler uanstrengt mellom figurasjon og abstraksjon, mellom ekspressivt og konseptuelt maleri», seier Festspela i Bergen om arbeidet hennar. Eg har dumpa rett inn i Festspillutstillingen, rundt rekna 25 bilete, dei største på nesten 2 x 3 meter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.