Ein grunnmurar

Eli Skolmen Ryg er ein superveteran i Norsk rikskringkasting.

Eli Skolmen Ryg var husinventar i NRK i over 50 år. Her mimrar ho over eit nummer av Programbladet frå 1966.
Eli Skolmen Ryg var husinventar i NRK i over 50 år. Her mimrar ho over eit nummer av Programbladet frå 1966.
Publisert

Det er nok få tilsette som har bore så mange ulike hattar i norsk radio og TV som Eli Skolmen Ryg. Ho byrja i NRKs jentekor like etter krigen, frå 1950 var ho ein mykje brukt barneskodespelar i Barnetimen og Radioteatret, og da fjernsynet starta opp for alvor i 1960, var ho med frå dag éin, så å seie. Og i kva for yrke? Det vil mest ta eit eige avsnitt å nemne dei alle.

– Tja, korleis eg hamna i NRK? Det var jo musikken og songen som førte meg dit i fyrste omgang, fyrst jentekoret og etter kvart studiekoret til Marie Foss. Eg kom frå ein musikalsk og musikkinteressert familie. I tillegg var eg vill etter teater heilt frå eg kunne gå og snakke.

Etter eit par år i koret vart ho spurd om å prøvespele for ei rolle i barnetimehøyrespelet Barna ved stasjonen.

– Rolla fekk eg, og frå da av budde eg praktisk talt i kringkastingshuset frå eg var fjortis til eg vart pensjonist.

– Radiominne sit sterkt i dei som er gamle nok til å hugse tida før TV. Kva botnar denne minnestyrken i?

– Eg trur det har å gjere med at det var ei gjenreisingstid. Folk hadde slite mykje med sakn og sorg i krigsåra. Det at landet skulle reise seg att etter tøffe år, fall saman med ein forsterka trong til fellesskap. Der kunne radioen gjere mykje av nytta på 1940- og 1950-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement