Litteratur

Ein heim for dei utstøytte

Kva har gått føre seg i den monumentale murbygningen på Harastølen i Luster, 500 meter over havet?

Historiene ein finn i den ruvande bygningen, fascinerer både unge og eldre, lokale og tilreisande. Vernepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet har årlege eksursjonar til staden, der dei får innblikk i korleis Harastølen vart nytta i kampen mot tuberkulose og som ein heim for sinnslidande, før det ein kort periode var asylmottak, følgt av 30 år med forfall.

Publisert Sist oppdatert

Her, med vakker utsikt over Lustrafjorden, ein sidearm til Sognefjorden, har tuberkuløse, sinnslidande og flyktningar blitt tekne imot til fagleg behandling eller mellombels opphald i nesten hundre år. Dei siste tretti åra har praktbygget stått til nedfalls. Det som har skjedd på denne avsides fjellhylla, er ein viktig del av norsk medisinsk historie og sosialhistorie, men òg ei soge som ikkje alle har vilja veta om.

Oddrun Midtbø som har skrive boka Harastølen. Heimen for dei utstøytte kjem sjølv frå Luster. Ho er frilansjournalist og forfattar og jobba på 1980-talet to somrar på Harastølen. Då var denne institusjonen inne i sine siste år som psykiatrisk sjukeheim. Ho fortel at mange av «galningane» høgt der oppe over fjorden var menneske slekta ikkje ville kjennast ved, sinnslidande som hadde budd der fleire tiår utan at ein einaste slektning hadde vitja eller på andre måtar teke kontakt med dei.

Første spesialsjukehus

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement