Kultur I May Linn Clement
Ein levande satiretradisjon
38 avisteiknarar summerer opp fjoråret i Avistegnernes hus i Drøbak.
Kø til skrifteboksen. Av Tord Torpe / Bergens Tidende.
Fyrste gong eg vart merksam på Avistegnernes hus i Drøbak, var då eg i 2010 fekk teikneserien til Steffen Kverneland og Lars Fiske, Olaf G., i gåve frå ein klok ven med god smak.
Alt på fyrste side i boka kjem Kverneland og Fiske til dette huset for å sjå ei utstilling av Olaf Gulbransson (1873–1958), den norske satireteiknaren som vart headhunta til Tyskland og satiremagasinet Simplicissimus etter tilråding frå sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson.
Duoen vert bergteken, bestemmer seg for å fylgja i fotspora hans, og Kverneland seier: «Me skal faen laga ei diger coffee table book om Olaf!» Boka har sidan lege på kaffibordet mitt.
På denne tida teikna eg sjølv i lokalavisa Marsteinen, og eg hadde teikna i studentavisa i Stavanger alle åra eg studerte der, men eg såg ikkje tradisjonen eg var ein del av. Olaf G. skulle såleis verta ein døropnar.
No er eg sjølv i Drøbak og Avistegnernes hus i samband med lanseringa av Avistegnernes årskavalkade 2024.
Mot slutten av kvart år vert avisteiknarane i landet inviterte til å senda inntil tre av teikningane dei laga i løpet av året. I år er verk frå 38 teiknarar representerte på veggane i teiknemuseet og i den tilhøyrande katalogen. Her er alt frå Finn Graff på 86 til Gina Gylver på 24.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.