Litteratur
Ein pris til skrifta som bøn
Jon Fosse er ein kristen mystikar. Han nyttar skrifta som lykt i mørkeret. Og verka hans ber djupe spor av det han har funne.
Jon Fosse under lanseringa av tredje bandet i Septologien i 2021.
Foto: Ali Zare / NTB
Impresjonistane måla det same motivet dag og natt, i regn og solskin, i tåke og klårvêr, i snø og i storm. Dei ville fange det stadige i det flyktige, og difor sat dei oppe til alle døgerets tider for å finne fast grunn under føtene.
Slik bølgja som treffer stranda ein ettermiddag – det same havet, med den same tyngda, men jamvel stadig nye bølgjer – er motiva til impresjonistane gjentakande, insisterande, utrytelege: Eit tre, ein katedral, eit jorde skiftar ham etter som årstider og temperaturar endrar seg.
Jon Fosses prosa, ja, kanskje til og med dramatikken hans, er vel rigga til på same viset?
Det er det samemennesket vi møter, i frykt og sorg, i tru og von, i tap og i sigrar. Menneska hjå Fosse er forma av den same molda. Dei lengtar etter å overstige seg sjølve. Og menneska hans er skapte av Gud, dei stundar etter noko dei ikkje heilt får sett ord på. Dei elskar, vil tilbake til noko, og veit det finst noko meir eller anna bakanfor menneska dei elskar. Dei fortvilar og døyr, men heile tida er det den same bølgja som treffer lesaren, om att og om att.
Difor er språket messande, som liturgien i kyrkja er det. Ikkje fordi Fosse har vorte katolikk, men i dei repeterande vendingane ligg det ei innsikt på same måte som i bøna som mange truande praktiserer: For sjølv om innhaldet i den same setninga ikkje forandrar seg frå gong til gong ho vert repetert, kan ikkje den fyrste lyde som den siste setninga, sjølv om dei semantisk betyr det same. Gjentakinga gjev ei djupare meining, eit kraftig verkemiddel med bibelske røter.
Dei ortodokse kristne har Jesus-bøna: På innpust «Herre Jesus Kristus Guds son», på utpust «forbarm deg over meg, ein syndar!». Bøna vert resitert om og om att til den bedande ikkje reflekterer over orda lenger, men gjer dei, bøn som performativ rørsle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.