Kunst

Eit ikonisk stykke kunst er kome heim

Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.

«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Publisert

Dei fleste har sett det, «Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet». Måleriet på 125,5 x 95 cm finst i historiebøker, skulebøker og kunstbøker. To versjonar av dette nasjonalikonet, frå 1869 og frå 1873, er i privat eige i Noreg. Men med god hjelp har Voss Sparebank komme over endå ein original frå 1869, truleg måla heilt på slutten av Knud Bergsliens tid i Düsseldorf. Det var også i Tyskland måleriet blei skaffa til vegar og kjøpt på auksjon for om lag 4,2 millionar kroner. Så er det blitt restaurert på Oslo Konserveringsatelier.

Både «Birkebeinerne» og dei andre verka banken eig av Knud og Brynjulf Bergslien, vil bli stilte til rådvelde for det kommande kunstmuseet, forsikrar banksjef Jørund Rong. Men kva tid det skjer, kan ingen spå i dag, seier prosjektleiar Peder Ringdal. Dei vil at senteret eller museet skal liggje i Voss sentrum, men har førebels inga tomt, ikkje noko bygg og inga finansiering, fortel han. Drifta ser ein føre seg må bli eit samarbeid mellom herad, fylke og stat.

Ryttarstatuen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement