I det nye Nasjonalmuseet heng Asta Nørregaard (1853–1933) side om side med Harriet Backer (1845–1932). I 30 år levde dei òg vegg i vegg i Kristiania/Oslo. Men dei var ikkje nett perlevenner. Likevel var det Harriet som berga situasjonen då alt såg som svartast ut i Gjøvik kyrkje i juli 1883.
I Naturstudiets nødvendighet, ein roman i fire kapittel, skildrar Elin Tinholt dramaet som spelte seg ut den varme sommardagen. Som første norske kvinne nokosinne hadde 28 år gamle Nørregaard fått det ærefulle oppdraget å måle altartavle til eit gudshus, den nybygde kyrkja i Gjøvik. Det meste av arbeidet utførte ho i Paris.
Lett å herse med
– Den sjølvtilfredse soknepresten hadde innvendingar mot biletet, og sa at han tala på vegner av kyrkjelyden. Så då kunstnaren kom til Gjøvik denne dagen, var det for å gjere Kristus-skikkelsen litt lengre, presten meinte han var for låg. Men ankepunkta var fleire. At Maria Magdalena var raudhåra, at ho synte så mykje naken hud, og at det var så mange kvinner på biletet, fall ikkje i god jord, fortel Tinholt.
Kyrkjelyden meinte at dette kunne vekkje anstøyt.
– Kunstnaren gjekk i gang med å forlengje Jesu kjortel for slik å gjere Frelsaren høgare. Det var nok ikkje med lett hjarte ho gjorde dette. Ho kjende seg tvinga til å gjere sitt eige måleri ringare. Då soknepresten fortalde at kyrkjelyden insisterte på at også skriftordet måtte endrast, blei det for mykje for henne – og ho braut saman. Då kom Harriet Backer til Gjøvik og henta henne med seg tilbake til Kristiania.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.