Eit Venezia i forfall

Turistane legg på langt nær att nok pengar til å førebygge slitasje, eit problem vi ser verda over.

Publisert

Det er paradoksalt at årets biennale har Foreigners Everywhere som tema, utan å nemne at byen er i ferd med å drukne av framande. Venezia har vakse fram gjennom fleire hundre år med velstand. Sjøfart og handel mellom aust og vest gav rom til ein fantastisk arkitektur, pryda med nokre av dei flottaste måleria og skulpturane verda har sett.

I dag står mange av dei tidlegare praktfulle bygningane tomme. Kikar ein inn gjennom sprekkene i veggane, dei støvete vindauga, ser du inn i eit forfall som er forbi det som kan reparerast. Det har gått så langt at Unesco i fjor trua med å fjerne byen frå verdsarvlista.

Kva er årsaka til dette brutale forfallet? Sjølvsagt er konsekvensane av klimaendringane tydelege, byen er sårbar for både flaum og tørke. Det største problemet er likevel masseturismen. Turistane legg på langt nær att nok pengar til å førebygge slitasje, eit problem vi ser verda over.

Dei mange millionane som stimlar hit, har vridd utviklinga av byen inn på eit snevert spor. Turismen vert som ein slange som et halen sin. Jobbar som ikkje har med turisme å gjere, har tørka ut i byen. Samstundes har presset frå ferierande fått prisane på husvære til å skyte i vêret.

Medan det var 175.000 fastbuande i 1950, er det godt under 50.000 i dag, truleg langt mindre i og med at mange leiger ut til turistar og sjølve bur på fastlandet. I tillegg er det svært kostbart å halde ved like bygningar i ein by utan bilvegar. Alt materiale må fraktast gjennom kanalane og deretter slepast på kjerrer gjennom dei smale og folksame gatene.

Som eit botemiddel er det innført ein turistskatt. Han er svært låg, 3 euro per natt for overnattingsgjester. I sommar var det dessutan ein test på innføring av skatt på 5 euro for dagsturistar, ein sum som skal doblast neste sommar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement