Litteratur
Faneberaren
Så har Jon Fosse fått Nobelprisen i litteratur. Kjem det til å ha noko å seie for utbreiinga av nynorsk?
Då eg høyrde at Jon Fosse hadde fått Nobelprisen i litteratur, spola eg straks to, tre og fire år fram i tid. Då har alle som ikkje hadde høyrt om Fosse i 2023, lese bøkene og stykka hans, frå Sør-Amerikas sørlegaste spiss til det nordaustlegaste Asia.
Ja, nynorsk har kort sagt vorte eit verdsspråk! Framtida er lys. Men kvifor er eg nær ved å misse bakkekontakten på grunn av ei minoritetsmålform i eit land med ein forsvinnande liten del språkbrukarar i verdssamanheng, i crescendoet av sjampanjekorkane som poppar i nynorskmiljøa?
Omsetjarane skal få mykje å gjere framover, for lesarane i Nairobi, Sapporo, Kyiv og São Paulo kan ikkje få lesaropplevinga på originalspråket. Eller den originale målforma, som jo nynorsk er. Har nobelprisen eigentleg noko å seie for nynorsken?
Den norske ærekjensla, dels smålåten, dels sjølvgod, har brusa gjennom Noreg den siste veka, då Noreg endeleg fekk Nobelprisen i litteratur att, om lag samstundes som statsbudsjettet vart lagt fram. Ja, eit augeblikk var det nesten så vi gløymde Erna og Sindre. Ein meldar proklamerte tilmed at Noreg har to språk og nynorsk er det eine. Der forsømde ho seg. Samisk og norsk er dei offisielle språka i kongeriket.
Av di språk både er makt og kan innebere maktbruk, er undertrykking og utrydding av språk viktig for makthavarar, særskilt i krig. Det finst tallause eksempel på at folk og kulturar har vorte forsøkt knebla eller lidd ein sakte død ved at språkforbod har vorte innført. Her er det nok å nemne korleis fornorskingspolitikken i Noreg i periodar forbaud samisk og kvensk språk i kyrkje, skule og skuleinternat.
Den nynorske målforma har ikkje vore forboden, men rynka på nasen av i mange miljø («Spynorsk mordliste» hadde eg i skulesekken i mange år), men nynorsken har heva seg over det og likevel blomstra blidt og smilande. Diskusjonen om kva kultur nynorsken ber fram eller kjem frå, skal eg la liggje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.