Fanny og flokken
I eksamensfilmen She-Pack portretterer filmskapar Fanny Ovesen skumle småjenter i flokk. – Det er ikkje slik vi er vane med å sjå jenter, seier ho.
Fanny Ovesen og filmteamet hennar vann Gullstolen, Filmkritikerlagets pris og Dramatikerprisen for beste manus, for filmen om skumle småjenter.
Foto: Mone Celin Skrede
Lytt til artikkelen:
I Østbanehallen stengjer takvindauga og den svake summinga frå kafeane både mørkegrå skyer og ein vel kald sommar ute. Så står ho der. Lyseblå auge omkransa av tjukt blondt hår. Filmskapar Fanny Ovesen har reist heim til Oslo frå kortfilmfestivalen i Grimstad berre nokre dagar tidlegare, med tre prisar i bagasjen. Ho og filmteamet vann Gullstolen, Filmkritikerlagets pris og Dramatikerprisen for beste manus, for filmen She-Pack. No skal ho nå bussen til Sverige om vel ein time.
– Eg skal arbeide med skodespelarane til neste filmprosjekt, røper ho og smiler.
Ho er alt i gang med Laura, den første spelefilmen. Men det er ikkje det vi skal snakke om.
– Eg hadde ein idé om ein flokk jenter på elleve år. Eg og gjengen eg utvikla prosjektet saman med, byrja å tenkje over kven vi var i den alderen: litt «flink pike», og opptekne av å tilpasse oss, slik jenter ofte er. Så oppdaga vi at alle hadde spanande minne om å miste kontrollen når vi først gjorde noko. Dersom vi torde å slå, slo vi for hardt, og vi hadde ikkje styr på noko moralsk kompass. Vi laga ei forteljing om ein jentegjeng som oppdaga ei kraft i seg sjølv, og kva som hender når denne krafta får lov til å eksplodere utover, i staden for å verte halden i sjakk.
– Opplever du som ung vaksen i 2019 at samfunnet framleis er kjønnspartisk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.