Forfattaren som gjekk viralt og vart metoo-ekspert

Kristen Roupenian fekk full klaff då novella hennar «Cat Person» vart trykt i The New Yorker. Men plutseleg var ho å rekne for ekspert på ein debatt ho ikkje hadde sett kome.

- Når så mange på ein gong reagerer på noko ein har skrive, er det så stort at det kjennest heilt feil, seier forfattaren Kristen Roupenian.
- Når så mange på ein gong reagerer på noko ein har skrive, er det så stort at det kjennest heilt feil, seier forfattaren Kristen Roupenian.
Publisert

I desember i 2017 sat Kristen Roupenian på ein kafé i lag med kjærasten sin då novella hennar i The New Yorker spreidde seg som eit virus. Mor hennar ringde og gret:

– Nokon som Barack Obama følgjer på Twitter, har delt novella di.

Roupenian hadde hamna midt i metoodebatten. Novella vart ståande som mest lesen av alle sakene i The New Yorker dette året og fekk 85.000 kommentarar på Facebook og twitterkontoen Men react to Cat Person.

– Weinstein-skuldingane var ikkje kjende enno, dette hende i april 2017, etter at Trump vann presidentvalet. Det låg spenning i lufta, men når folk spør meg om eg kunne førsjå dette, er svaret sjølvsagt «absolutt ikkje». Det ein ventar skal skje når nokon les ei novelle ein har skrive, er minimalt. Når så mange på ein gong reagerer på noko ein har skrive, er det så stort at det kjennest heilt feil, seier Roupenian og ler.

Margot og Robert

«Cat Person» handlar om ei 20 år gammal kvinne som møter ein litt eldre mann. Dei går på éin dårleg date saman. Når dei har gått til sengs, innser ho at ho tykkjer mannen er fråstøytande. Men ho fortel det ikkje til han og endar med å fullføre samleiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement