Litteratur
Fosse-språket
I boka Jon Fosse Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans intervjuar Jan H. Landro Jon Fosse. Her følgjer eit utdrag.
«Du kallar språket ditt «moderert Hauge-nynorsk», eller rett og slett «tradisjonell nynorsk». Kva legg du i det?
Eg vil tru at eg nytta formuleringa «moderert Hauge-nynorsk» i ein freistnad på å forklara noko kort og greitt som elles ville ha kravt ei lita utlegging.
Ein kan kanskje seia at det no finst fire slag nynorsk, den klassiske i-målsnynorsken, som følgjer norma til Ivar Aasen i det meste, og som no vel nærast held på å bli borte som skriftmål, og så har ein den tradisjonelle nynorsken, der ein held fast på somt frå Aasen-norma, til dømes a-infinitiv og full samsvarsbøying, og at ein nyttar nynorske tradisjonsord, ord frå den nynorske skrifttradisjonen, heller enn såkalla «folkemålsord», og er varsam med anbehetelse-ord og også andre dansktyske prefiks og suffiks. På den andre sida har ein den reine samnorske nynorsken, der ein så å seia skriv så bokmålsnært som råd er, då sjølvsagt med e-infinitiv, og til dømes utan j der j-en kan strykast, altså følge ikkje følgje eller fylgje, ein nyttar også gjerne monoftongar i staden for diftongar og så bortetter.
Mellom desse to siste har ein den såkalla midtlinenynorsken der ein freistar balansera mellom den samnorske nynorsken, som er nærast ikkje berre bokmålet, men òg talemålet til dei fleste, og den tradisjonelle nynorsken. Mange, mellom dei eg, meiner at ein med norma frå 2012 i mangt godtok altfor mykje frå den samnorske nynorsken, godtaking av tenkja utan j, av bølgje utan j, til dømes, er språkleg vandalisme. Eg veit at det var pedagogiske grunnar for dette, men slike omsyn kan ikkje få vera einerådande – i så fall burde vel også j-en i ikkje strykast, og då nærmar ein seg verkeleg noko.
Overgangane mellom i- og a-målsnynorsk er klår og grei, overgangane mellom dei andre nynorske variantane er meir glidande. Sjølv skreiv eg vel ei tid ein slags samnorsk nynorsk, men hovudsakleg har eg skrive ein slags midtlinenynorsk – det var no liksom det ein gjorde på Samlaget – og så enda eg vel opp med å skriva ein heller tradisjonell nynorsk, som nok likevel i mangt ikkje er så langt unna midtlinenynorsken.
Eg angrar kanskje ikkje så mykje på noko eg har skrive og gjeve ut, eg skreiv som eg skreiv, men det er i alle fall utenkjeleg for meg no å nytta former som «augene» og «bevegelsar», slik eg gjorde i dei to fyrste diktsamlingane mine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.