Frå heia til Brageprisen
– Eg trur eg har både nomaden og den fastbuande jordbrukaren i meg, seier Tore Kvæven.
I skisporet om vinteren og på fjellet om sommaren kan Tore Kvæven setje seg ned og skrive med penn på blokk. – Eg får ei grunnkjensle av at eg kan skape noko. Det får eg ikkje på ein datamaskin, seier han.
Foto: Tommy Ellingsen
Når samtalen startar, er klokka knapt halv sju, og forfattar Tore Kvæven står i fjøset og rotar i fôret til dei 220 sauene sine. Han har festa telefonen på innsida av høyrslevernet så han kan snakke medan han arbeider.
– Eg må stelle sauene først.
Så må han inn og få seg ein dusj. Han skal køyre i 40 minutt til Dirdal og undervise i matematikk og naturfag. Det gjer Kvæven tre gonger i veka. Jau, og så skriv han prislønte romanar som Når landet mørknar når tida byr seg. I november fekk han Brageprisen.
Frå heia til savannen
Kvæven debuterte først 20 år etter at han starta på det som skulle bli romanen Hard er mitt lands lov.
– Ja, sanneleg min hatt, seier forfattaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.