Litteratur

Frå Nobel-forlaget

Publisert

Eit skriftspråk treng ei ordbok, ein litteratur og ei litteraturhistorie. Slik svara Jon Fosse meg då eg spurde han til råds nokre år før Samlaget sitt 150-årsjubileum i 2018. Fosse hadde då lenge vore pådrivar for å få Samlaget til å lage den nynorske litteraturhistoria. Boka, som er skriven av Jan Inge Sørbø, kom til jubileet. Mykje takka vere Fosse.

Om ein ikkje er kulturelt nynorsk, er det ikkje sjølvsagt korfor den nynorske litteraturen treng si eiga litteraturhistorie. Men for ein skriftkultur som har dokumentert seg sjølv heilt frå Ivar Aasen starta sitt innsamlings- og systematiseringsarbeid, og opp til den nynorske litteraturhistoria, ligg dokumentasjonsbehovet djupt i kulturen. Om me ikkje dokumenterer oss sjølv, gjer ingen det. Og utan dokumentasjon finst me ikkje. Det er slik motstraumskulturar har tenkt. Slik dei held seg i live, også vår. Til me blir store og sterke nok til å bli dokumenterte av hegemoniet.

I 1868 blei det ifølge Samlags-historia sagt frå den danskskrivande delen av borgarskapet at dette bondske språket aldri kan styre landet, finne opp nye ting eller drive forretning. Når Jon Fosse vinn den fremste litteraturprisen verda byd på, er nynorsken blitt stor. Då er litteratur skriven på nynorsk blitt verdslitteratur. Det betyr uendeleg mykje for nynorskskrivande og -brukande. Kanskje såg sjølv ikkje Ivar Aasen for seg akkurat dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement