Litteratur

Framifrå

Publisert Sist oppdatert

Nobelprisen til Jon Fosse. For ei glede! For Fosse, Noreg, nynorsken, det norske språket i det heile og omdømet til norsk litteratur i verda. Og det skader ikkje at han er ein likande kar som møter alle med respekt.

Takk til Samlaget, forlaga hans i utlandet, teatera i Noreg og utlandet som har sett opp stykka hans, skodespelarar, omsetjarar, kritikarar og mange fleire som har medverka til å lyfta fram forfattarskapen hans.

Og takk til Dag og Tid som ikkje gav Fosse journaliststillinga han søkte på i 1983. Hadde han fått jobben, kunne han enda som bladfyk, og ein stor forfattarskap ville gått tapt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement