Gordiske slipsknutar

Martin Svedman er siviløkonom og lyrikar. Med diktboka Finans ville han skrive ei øm hyllest til den merkantile klassen.

Eit bokomslag støpt i same form som The Art of the Deal, av Donald Trump.

Litteratur

Finansverda og poesien har mykje til felles, tenkte eg då eg tidleg ein morgon gjekk gjennom dei eksotiske rikmannsstrøka på vestkanten av Oslo, for å intervjue ein siviløkonom som har skrive ein diktbok som heiter Finans.

Både finansverda og poesien kan snakke eit stammespråk som folk utanfrå opplever som unødvendig mystisk. Begge sektorane har ei gjennomsyrande tru på evna språket har til å forme røynda. Begge drøymer opp verdiar, på papir og i lause lufta, og forvandlar dei til noko materielt, gjennom kreativitet, risikovillig overtalingskunst – og ofte, men ikkje alltid, ein god porsjon arv.

Begge tar for gitt at det meste må mislukkast; berre dei beste og mest nyskapande ordkløyveria kjem til å overleve og få ein innverknad på verda utanfor seg sjølv. I både finansverda og poesien er kjerneverksemda ein seriøs omgang med ting som førebels ikkje eksisterer, verdipapir og bøker som ein gamblar på at skal bli til, vekse og gi avkastning, anten i form av noko sant, godt og skjønt, eller som status, livsgneist, pengar, ettermæle eller meining. I begge sektorar forvaltar ein gamle verdiar ved å flytte på dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement