Gråare norsk krimlitteraturEr gullalderen i norsk krim over? spurde professor emeritus Hans H. Skei på Krimfestivalen.

Er gullalderen i norsk krim over? spurde professor emeritus Hans H. Skei på Krimfestivalen.

Det er dei gode, gamle gjengangarane som dominerer i norsk krimlitteratur. Karin Fossum har fått Rivertonprisen to gonger, og er nominert på nytt i år.
Det er dei gode, gamle gjengangarane som dominerer i norsk krimlitteratur. Karin Fossum har fått Rivertonprisen to gonger, og er nominert på nytt i år.
Publisert

Sist veke var det krimfestival i den norske hovudstaden. Ikkje mindre enn 65 forfattarar deltok på 55 gratisarrangement. Det vart registrert 12.000 besøkjande, og det var publikumsrekord. Det er Cappelen Damm som står bak Krimfestivalen; den første vart arrangert for fem år sidan.

MEIR PÅ DET JAMNE

Hans H. Skei var tidlegare president i Rivertonklubben. No er han styremedlem, og kom også i år med ei oversikt over stoda for norsk krimlitteratur. Men Skei kom aldri med noko svar på om gullalderen er over for norsk krim.

– Er han det?

– Viss me tenkjer oss at høgdepunkta i norsk krim kom midt på 1990-talet og ti år utover, er det nok meir på det jamne og gråare i dag. Den gongen kom det nye forfattarar med bøker som endra norsk krim fullstendig. Kim Småge, Anne Holt, Karin Fossum og fleire andre stod for det. Karin Fossum kom med Elskede Poona og Jo Nesbø med Rødstrupe, og det er to av dei beste bøkene i norsk krim. Den norske krimlitteraturen vaks frå fem eller ti bøker i året til tjue på 1990-talet. Sidan eksploderte det, og dei siste åra har det kome ut kring femti norske krimbøker i året. Dei nye forfattarane lærte frå utlandet og skreiv om samfunnet og samfunnsproblem på heilt anna vis. Eg er sikker på at fleire av dei kvinnelege, norske krimforfattarane lærte av hardkokte, amerikanske forfattarar som Minette Walters. For meg som sat midt oppi det og skreiv om krim, var det strålande år. Eg har ikkje opplevd noko slikt etterpå. Det har sjølvsagt kome gode enkeltbøker, men det har kome så mange. Når det kjem meir enn femti norske krimbøker i året, vert gjennomsnittsnivået lågare enn om det kjem tjue.

– Nivået har vorte dårlegare?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement